Eg trur eg visste det der og då. At han aldri skulle dra ifrå meg. I alle fall ikkje til nokon andre, eg såg rett inn i han, og der såg eg at det var eit rom for meg, og det rommet passa ikkje til nokon andre, og kan hende var det ikkje nokon andre som såg det heller.