Dei sat der i stillheita og såg på kvarandre og fekk sagt ein heil masse med ting. Dei snakka om Franck, sjølsagt, om avstandar, og ungdomstida, og somme landskap, og om døden, om einsemda, om tida som går, om gleda ved å vere saman og om livet som humpar og går, og alt utan å veksla eit einaste ord.