Ingen hylle
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Sterke debutdikt om sakn, sorg og syskenkjærleik
Storesyster forsvinn. Attende sit veslesystera med sakn, sorg, minner. Eg treng tid til å sakna deg handlar om syskenkjærleik, men òg om kjærleik i andre former og relasjonar. Det handlar om å leve gjennom minnet om systera, i ein sorgtilstand der trivielle ting får eksistensiell storleik. Det handlar om tid, om å oppleve at skiljet mellom fortid og notid opphøyrer, at minnebilete og notidshendingar blir like nære og reelle. Charlotte Riise sine dikt spenner frå det ordknappe og poetisk konsentrerte til det meir prosanært forteljande. Eg treng tid til å sakna deg kan lesast både som ei samling dikt og som ei fragmentert forteljing.
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2012
Format Heftet
ISBN13 9788205422063
EAN 9788205422063
Språk Nynorsk
Sider 71
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Forsvinn systera mi for meg når eg
kysser ein eg ikkje kjenner? Vert for sein
til middag og ikkje ringer heim?
Forsvinn eg, der eg ligg og angrar?
Her skal nokon bu, i huset
der berre stemmene er att.
Eg sit i huset med kjensla
av at det har vore audsleg. Veggane
luktar grønsåpe, kjøkenet er lufta ut.
Vi skura
livet av golvplankane, vi skura
kroppane, vi skura huda vår rå.
Mista vi vår skuld?
Mamma forlet rommet hennar
slik det var. Det er ikkje urørt,
berre for seint.
Du står med ryggen til, mamma,
det er som som eg gløymer lyden på orda dine.