Ingen hylle
Ingen lesedato
Favoritt!
Ingen omtale
Forlag De norske bokklubbene
Utgivelsesår 1984
Format Innbundet
ISBN13 9788252511741
EAN 9788252511741
Språk Bokmål
Sider 327
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Fysisk utmattande lesing....Boka har stått uopna i hyllene lenge, og det har det vore ein grunn til! Sjølv ein strålande, vakker haustdag kan ikkje ta bort uhyggen sånn med det same. Den einaste trøysta er sitatet på siste sida i boka (bøkene):
Under den kalde sand drømte jeg om om døden / men våknet ved daggry og så / den vakre, den klare morgenstjerne.
Vi er i New York/ Brooklyn i 1947 - og i Polen /Krakow og Auschwitz og Birkenau i åra under den 2. verdskrigen. Hovudpersonane er desse tre: Nathan, amerikansk jøde, Sofie - polsk katolikk som kjem til New York etter krigen, og sørstatsmannen og forfattaren Stingo. Forteljarstemmene varierer, både i innhald og intensitet, også forfattaren,W. Styron, er "synlig"...
Historia snirklar seg fram ved desse tre, sakte, sakte og meir og meir intenst grip det tragiske inn, og gjennom mange digresjonar, både trivielle og vonde situasjonar, ved mange frampeik om umenneskelige påkjenningar vert det grufulle avslørt meir og meir....
Boka er full av kontrastar: Rikelige mengder av erotikk, umetta begjær og sensualitet - i motsetning til det rå, brutale og umenneskelege,....... kjærleik, venskap og omtanke som ikkje er i stand til å bekjempe / overvinne vald, sjalusi og fornedring,løgn og fornekting......Og nazismen i all si gru!
Terningkast vert uaktuelt .....
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket