Ingen hylle
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Forlag Aschehoug
Utgivelsesår 2019
Format Innbundet
ISBN13 9788203364808
EAN 9788203364808
Språk Nynorsk
Sider 173
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketsparer ein på seg sjølv
vert ein ikkje rik
og du
var i eit mindretal
i deg sjølv
et menneske lever så lenge man husker det
googlar hendene dine
munnen
augo
får ingen treff
du
er i eit område utan dekning
korleis kan eg elska den
du er no
når du held meg i handa
og ikkje
er her lenger
seier
at eg ikkje
skal stryke sorga med pulsen
for du har óg andre kjensler
som treng kos og stell
ekte kjærleik rustar ikkje
men ein må belaga seg
på å gå over den
med jamne mellomrom
kor mange gongar
skal me miste deg
før du er borte
hugs å ta med mjølk
frå butikken
ikkje gløym å rydda rommet ditt
leksene, tanntråd, jekslane
fadervår
hugs å ikkje gløyma
meg
ei skremt kråke flaksar vekk
inne i auget ditt
du skjønar at du
mista deg sjølv
der
samtidig som du sit her
med meg