når du akkurat har byrja å lese ei bok, og den er så fantastisk at du ikkje klarer og slutte, før du har kome til siste sida.
når ein les for barn, og ein ser kor levande historia vert for barnet i augene deira, og dei stiller tusen spørsmål.
når du ikkje får søve om kvelden og den du er glad i les høgt for deg.
når du går inn i den perfekte bokhandelen, der det er bøker frå golvet og heilt til taket, og alle ser ut som heimlause skattar som berre ventar på at nokon skal gi dei ein heim, og sjå dei.
når du sit på toget, eller bussen eller ein cafè og ser ein framand les ei bok du er glad i, og du følar at det er eit usynleg venskap mellom dokke.
når du les ei bok som er så god, at du kan lukte regnet på asfalten i New York, høyre praten frå marknaden i India eller føle gleda til hovudpersonen langt inn i hjarterøtene, sjølvom du sit på ein studenthybel i vinter-Noreg.
når du aldri har fått diskutert ei fantastisk bok, og endeleg møter nokon som har lest akkurat den boka for fyrste gong, og dokke kan prate i timesvis, lukke.