Etter 2 semester med alt for mange fag, og alt for lite kosleg litteratur, ser eg no frem til nokre deilige veke med strandhyggje og sommarlitteratur, og for å kome meg så langt unna pensumet som mogleg, vert det fantastisk (fantasy) litteratur som står på prioriteringslista.
Eg gler meg =)
Vert glad for kommentarar og fleire forslag ;)
Er midt i sesong 2 av tv-serien, og er hekta. Har byrja så smått på boka og den verkar lovande. Kjekt å støyte på vampyrar som ikkje er emosjonelt tilbakeståande og blinkar i sommarsola.
Las den første boka for ei tid tilbake, og synes den hadde alt av kompliserte intriger, magi, samt også eit mangfald av spennande karakterar. Gler meg til å lese denne.
Har lese dei grafiske romanane, og synes universet Dark tower-serien utspinner seg i, verkar lovande. Likevel litt redd for at det blir for mykje sorg og elende til at eg kjem til å like den.
Vart svært positivt overraska over korleis Sanderson gav nytt liv til den fantastiske Wheel of Time serien, så då er det vel på sin plass å gje Mistborn-serien ein sjangse også.
Har så smått byrja å lese denne boka også. Misstenker at boka siktar seg inn på ei litt yngre aldersgruppe, men den skal likevel få ein sjangse.
Denne dama har eg høyrt mykje flott om. Eg får nesten berre kaste meg ut i denne trilogien, sjølv om eg har høyrt rykte om at "farseer" trilogien har ei svært irriterande avsluttning.
Kom halveis i boka før eg gav den opp. Veit ikkje heilt kvifor, for boka var svært bra. Synes det er kjekt og spennande å lese Arthur-legenda frå kvinnene sitt ståsted.
Har lenge hatt lyst til å prøve meg på Canavan. Veit ikkje heilt kva eg har i vente, men skal uansett bli spennande å sjå.
Har starta på denne boka to gonger før, boka verkar både spennande og lovande, så den må absolutt få ein 3 sjangse.
Min absolutte favorittserie. Dersom denne boka mot all formodning skulle kome ut i den næraste framtid ville eg kaste alt anna ifrå meg, barikadere meg inne på soverommet og lese frå perm til perm utan stans. Har dessverre ein misstanke om at Martin ikkje er heilt gira på å fullføre serien, utrulig leit viss dette er ein realitet.