Var på ferie i Finnmark og var innom sjølvaste bokmekkaet Karasjok. Eg snubla innom ein loppemarknad som ikkje såg ut som ein loppemarknad. Tannlegen i bygda hadde gått i grava og bøkene til loppane. Tilsynelatande ein mann med kjærleik til litteraturen. Til mi store overrasking fant eg og kjøpte følgjande lektyre:

Olav. H Hauge - Dikt i samling

Arne Garborg - Fred (illustrert utgåve)

Göran Tunström - Skimmer

Louis Ferdinand Celine - Reisen til Nattens ende

Olav Duun - Mennesket og Maktene

Günter Grass - Blikktrommen

Kjartan Fløgstad - Fyr og Flamme

Tarjei Vesaas - Is-slottet

Haruki Murakami - Norwegian Wood

Gabriel García Marquez - Berretningen om et varslet mord

Ivar Lo-Johansson - Godnatt, Jord

Ivar Lo-Johansson - Kungsgatan

Frode Grytten - Popsongar

Frode Grytten - Bikubesesong

Alexander Solsjenitsyn - En dag i Ivan Denisovitsj' liv

August Strindberg - Eit draumspel

Raymond Chandler - Den lange søvnen

Leo Tolstoj - Anna Karenina I og II

Serge Lentz - Vladimir Rubajen eller i fantasiens grenseland

Maksim Gorkij - Barndom

Kjell Askildsen - Thomas F's siste nedtegnelser til almenheten(illustrert utgåve. Illustrasjoner av Håkon Bleken)

Kjell Askildsen - Kulisser

Det absurde: for alt dette gav eg 100 kroner!! Alt var i hardperm. Nokon hadde eg frå før, men synst det er finare å ha hardperm enn pocket. Nokon var i tillegg frå bokklubbens serie Bokklubbens mestermøter, kor kunstnarar illusterer kjente verk.

Flaks i Finnmark.


Godt sagt! (10) Varsle Svar

3 kommentarer

Sist sett

RonnySigmundAvaJoannLinnKirsten LundMonica  SkybakmoenMorten JensenEivind  VaksvikLailaHelen SkogTrude JensenDolly DuckSolveigReidun SvensliIngunn SPiippokattaReadninggirl30Torill RevheimFindusHeidiHilde Merete GjessingEmil ChristiansenTine SundalKari ElisabethAnniken RøilIngvild SAnne-Stine Ruud HusevågOle Jacob OddenesFride LindsethMarit HøvdeG LskognymfenEllen E. MartolmarithcVannflaskeVibekeBjørn SturødSynnøve H HoelBjørg L.