Bøker av Lars Saabye Christensen. Ein norsklektor hadde eingong besøk av denne forfattaren, og ein elev spurde om ikkje Lars Saabye Christensen var einig i at det var noko tull å analysere romanar. Da sa forfattaren: "Kva skulle du elles gjere med dei?"
Om han berre hadde skrive denne romanen, ville eg ha rangert han som ein av dei beste rundt tusenårsskiftet. Eg hugsar ein elev ein gong som sa: "Å, skal vi lese denne? Eg har aldri lese ei så tjukk bok før!" Men ho fullførte. Ikkje så rart; forfattaren skriv jo om 1953-årgangen - det er berre 1952-årgangen som er betre ...
Ikkje om å miste håret, på ingen måte. Men om identitet og akseptering. Stort! Familien har eit signert eksemplar.