Bøker eg hugsar som gode leseopplevingar i 2010.
Ei unik leseoppleving om isolasjon og einsemd i ei verd der ein tilsynelatande er den einaste som er att...
Kjøpt på Gardermoen etter logikken "ho er frå India" etter å ha lese Shantaram tidligare på våren. Ei friskare og festligare Indiaberetning, sjølv det er ei mørk side her og.
Ei gigantisk bok som eg fann på engelsk på Ark Pocket i januar, medan eg las Veggen. Boka var slukt midt i februar. Det var ganske tilfredsstillande å finne boka sjølv, eller i alle fall før eg registrerte den etter mi meining berettiga hyllesten.
Da vinci-koden er god underhaldning, dette er god konspirasjonsporno med ein finurlig vri. Ein kan skape si eiga sanning gjennom andre, og dei kan ete deg...
Endte opp med å lese alle 20 bøkene i serien i perioden medio august til medio desember... Perfekt lesing ved sida av studier; god underhaldning, finurlig humor etter min eigen smak, og ei serie historiske romanar med masse utvikling!