Småstubber, 1873
Som Arne Garborgs første skjønnlitterære bok reknar ein Småstubber frå 1873, som han ga ut under pseudonymet Alf Buestreng i eit tillegg til Lærerstandens Avis. Innhaldet er to tekstar: Det dramatiske diktet Hvem har ret?, forma som ei samtale mellom representantar for ulike livssyn, og diktet Ved en vugge, om framtida til eit spedbarn. I Bondestudentar (1883) skriv han om bondesonen Daniel Braut som bryt opp for å skape seg eit anna liv, intellektuelt og urbant. Men han får store problem på vegen mot det han har lært er det ideale liv, og han svik både seg sjølv og si eiga klasse.
Mannfolk (1886)
kom ut i midt i den store nordiske debatten om seksualmoralen. Stoffet er stort sett henta frå student- og kunstnarmiljø, og boka er ein kollektivroman med fleire hovudpersonar. Her er mange kjærleiksforhold, men dei går alle over styr, og personane blir øydelagde i konflikten mellom ideal og røyndom. Uforsonlige (1888) er eit skodespel som var særs aktuelt i samtida, eit sterkt angrep på politisk holdningsløyse, ein satire over dei radikale som let seg kjøpe, dei uforsonlege som gjerne gir etter når det krevst. Fleire av personane har førebilete i det politiske livet i tida.
Hjå ho mor (1890)
kom ut samstundes både på norsk og dansk (Hos mama), og Garborg ønskte med denne forteljinga å skape eit sidestykke og motstykke til romanen Mannfolk frå 1886. Boka fortel om ei ung jente som får øydelagt kjærleiksevnene sine av ei småborgarleg og snerpete oppseding. Mora vil at den unge Fanny skal bli ei fin dame, men dermed mistar ho mest av alt sitt sjølvstende under oppveksten. Ho blir usikker, utan livsmot og eigenvilje. Og ho giftar seg med den halvgamle mannen som har alliert seg med mora.
Trætte mænd, 1891.
Gabriel Gram er litt av en bohem, men samtidig bundet av borgerlige konvensjoner. Lengselen etter kvinnen går i ett med lengselen etter religion og mystikk. En bok om livssyn og idebrytninger, sjelelig oppløsning og livsangst. Boka er også et tidsdokument og inneholder en rekke psykologiske analyser. Trætte mænd kom ut første gang i 1891.
Fred, 1892.
Livet til hovudpersonen, Enok Hòve, er alt anna enn fredfylt. Han gruvlar natt og dag, strir med Vårherre, piner seg sjølv og familien. Til slutt tek angsten heilt over og driv han i døden for eiga hand. Samstundes teiknar boka eit mektig bildet av jær-naturen og fortel mykje om det store omskiftet i økonomi og kultur som reiv opp det gamle, trygge bygdelivet. Boka er ein djuptborande studie i religionspsykologi innafor eit samfunn i omforming.
Læraren (1896).
Vi møter Paulus Hòve, son til Enok i Fred. Verket er ei drastisk oppgjer med syndedyrking i visse kristne miljø, men her er òg ein samfunnskonflikt og ein kjærleikskonflikt. Og det er samanflettinga av alle desse motiva som gjer Paulus til ein fårleg mann. Den burtkomne faderen (1899): Hovudpersonen er Gunnar Hòve, bror til Paulus. Han har kome attende til heimbygda etter mange år i utlandet, trøytt av materialisme og innhaldsløyse. Det blir Paulus som til slutt gir han kvila si att, med trua på kjærleiken, den sigrande livsmakta. Heimkomin son (1908): Her blir tankane frå Den burtkomne faderen knytta til praktisk arbeid i jordbruket, ettersom brorskapstanken blir innfelt i jordspørsmålet.
Haugstussa, 1895.
Haugtussa er eit diktverk om grunnkreftene i menneskelivet. Om striden mellom ånd og trolldoms vald, og samstundes ein lovsang om naturen. Gjennom Veslemøy har Garborg skildra kampen mot mørkemaktene. Veslemøy er synsk. Ho kan sjå gjennom menneska og inn i huldreheimen. Men ho er og lys levande og får røyne svik i kjærleik. I Helheim er eit framhald av Haugtussa og er skapt som eit visjonsdikt. Det er først og fremst eit jordisk helvete som blir spegla her. Kvæde inneheld ei samling einskilddikt som Garborg gav ut i ymse blad og skrifter, m.a. Gud signe Norigs land.
14 forteljingar, 1878-1900.
I dette bandet er det samla 14 forteljingar som opphavleg vart publiserte einskild. Dei er skrivne i åra frå 1878 til 1900. Utvalet opnar med Ein fritenkjar, den første forteljinga Garborg skreiv. Det er eit stykke som set problem under debatt. Av dei andre kan nemnast Stordåd, ei lita novelle om to fattigborn i Christiania. Han Lars i lia er ein humoreske om den norske latskapen. Utvalet sluttar med I heiane, ei skildring av ei fjellvandring frå Jæren til Setesdalen.
Kolbotnbrev, 1890-1904.
Boka opnar med fire reisebrev frå Paris, München og Nord-Norge. Kolbotnbrev inneheld brev der Garborg fortel frå dagleglivet med små og store gleder i hytta Kolbotnen i Nord-Østerdal. Knudaheibrev inneheld skildringar av menneska, naturen og livsvilkåra på Jæren. Delar av boka er eit personleg livsoppgjer, ein sjølvbiografi frå barndom og notid.
Artiklar og Essay 1, 1871-1890.
Boka inneheld eit utval artiklar som Garborg skreiv frå 1871 til 1890, ordna kronolgisk. Dei viser i første rekke bladmannen og stridsmannen Garborg. Inneheld m.a. dei kjende artiklane Peer Gynt og Hanna Winsnes' kogebog.
Artiklar og Essay 2, 1891-1923.
Dette bandet inneheld eit utval av dei artiklane Garborg skreiv frå 1891 til og med 1923. Dei er ordna kronologisk og viser oss tydeleg den utviklinga forfattaren gjekk gjennom. Møtet med skriftene til m.a. Nietzsche gav han nye impulsar. I 1894 var Garborg med på å starte bladet Den 17. mai, som kom til å spele ei stor rolle i den nasjonale striden fram mot 1905, og mange artiklane hadde med målstriden å gjere. Garborg var òg opptatt av jordbrukspolitikk og teologikritikk. Og fredsspørsmålet var aktuelt under den første verdskrigen.
Brev.
I breva opnar Garborg for kjensler og tankar han elles kunne brenne inne med, tru og motløyse, meiningar og mål. Blant mottakarane er: Bjørnstjerne Bjørnson, Georg Brandes, Hulda Garborg, Jonas Lie, Ivar Mortensson-Egnund og Amalie Skram.