Skrifter i samling. Bd. 7

av (forfatter).

Aschehoug 2001 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.00 (2 terningkast.)

15 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Haugtussa er eit diktverk om grunnkreftene i menneskelivet. Om striden mellom ånd og trolldoms vald, og samstundes ein lovsang om naturen. Gjennom Veslemøy har Garborg skildra kampen mot mørkemaktene. Veslemøy er synsk. Ho kan sjå gjennom menneska og inn i huldreheimen. Men ho er og lys levande og får røyne svik i kjærleik. I Helheim er eit framhald av Haugtussa og er skapt som eit visjonsdikt. Det er først og fremst eit jordisk helvete som blir spegla her. Kvæde inneheld ei samling einskilddikt som Garborg gav ut i ymse blad og skrifter, m.a. Gud signe Norigs land.

Omtale fra forlaget

Diktkrinsen HAUGTUSSA (1895) er kan hende det rikaste verket Garborg har skrive, og mange av dikta er blitt folkeeige. Det er eit diktverk om grunnkreftene i menneskelivet, om striden mellom godt og vondt, og samstundes en fulltonande lovsong til naturen, sett gjennom augo til hovudpersonen Veslemøy. Ho er synsk og kan sjå både inn i huldreheimen og gjennom menneska. I sitt eige liv får ho røyne svik i kjærleik, og ho blir freista til å gå over til dei mørke maktene. Livskampen hennar blir fortald med stor språkkunst, i poesi som både grip og gleder.I HELHEIM (1901) er eit framhald av HAUGTUSSA og er skapt som eit visjonsdikt etter mønster av "Draumkvedet" og Dantes "Den guddomlege komedien". Først og fremst er det eit jordisk helvete som blir spegla her, og boka syner fram viktige sider av Garborgs tankeverd. Han går til åtak på vonde makter i tida og held oppgjer med mammonsveldet, sjølvhugen og maktsjuken.KVÆDE er ei samling einskildsdikt som Garborg gav ut i ymse blad og skrifter gjennom heile livet. Det mest kjende av desse dikta er truleg fedrelandssongen "Gud signe Norgis land".
ARNE GARBORG (1851-1924) vart fødd i Time på Jæren og opplevde tidleg krisa som følgde overgangen frå naturalhushald til pengehushald. Heile livet var han blant dei fremste kulturkritikarane i landet, og var blant dei få som klarte å leve av å skrive. Han høyrer til blant våre fremste romanforfattarar, han var lyrikar og dramatikar, journalist, kritikar, polemikar og mykje meir. Han produserte til saman over to tusen essay og artiklar om litteratur, språk, filosofi, religion og politikk.

Bokdetaljer

Forlag Aschehoug

Utgivelsesår 2001

Format Innbundet

ISBN13 9788203184055

EAN 9788203184055

Serie Garborg, A. Skrifter i samling 1-12. Bindene selges også enkeltvis (7)

Språk Nynorsk

Sider 346

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 1 0 1 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket


Godt sagt! (2) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Skrifter i samling. Bd. 12 - brev" av Arne Garborg
  • "Skrifter i samling. Bd. 11 - artiklar og essay 2" av Arne Garborg
  • "Skrifter i samling. Bd. 10 - artiklar og essay 1" av Arne Garborg
  • "Skrifter i samling. Bd. 6" av Arne Garborg
  • "Skrifter i samling. Bd. 9" av Arne Garborg
  • "Skrifter i samling. Bd. 8 - forteljingar" av Arne Garborg
  • "Skrifter i samling. Bd. 2" av Arne Garborg
  • "Skrifter i samling. Bd. 1" av Arne Garborg
  • "Skrifter i samling. Bd. 3 - hjå ho mor" av Arne Garborg
  • "Arne Garborg - ein biografi" av Tor Obrestad
  • "Løynde land - ei bok om Tarjei Vesaas" av Olav Vesaas
  • "Trætte mænd" av Arne Garborg
Alle bokanbefalinger for dette verket