Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Haugtussa er eit diktverk om grunnkreftene i menneskelivet. Om striden mellom ånd og trolldoms vald, og samstundes ein lovsang om naturen. Gjennom Veslemøy har Garborg skildra kampen mot mørkemaktene. Veslemøy er synsk. Ho kan sjå gjennom menneska og inn i huldreheimen. Men ho er og lys levande og får røyne svik i kjærleik. I Helheim er eit framhald av Haugtussa og er skapt som eit visjonsdikt. Det er først og fremst eit jordisk helvete som blir spegla her. Kvæde inneheld ei samling einskilddikt som Garborg gav ut i ymse blad og skrifter, m.a. Gud signe Norigs land.
Omtale fra forlaget
Diktkrinsen HAUGTUSSA (1895) er kan hende det rikaste verket Garborg har skrive, og mange av dikta er blitt folkeeige. Det er eit diktverk om grunnkreftene i menneskelivet, om striden mellom godt og vondt, og samstundes en fulltonande lovsong til naturen, sett gjennom augo til hovudpersonen Veslemøy. Ho er synsk og kan sjå både inn i huldreheimen og gjennom menneska. I sitt eige liv får ho røyne svik i kjærleik, og ho blir freista til å gå over til dei mørke maktene. Livskampen hennar blir fortald med stor språkkunst, i poesi som både grip og gleder.I HELHEIM (1901) er eit framhald av HAUGTUSSA og er skapt som eit visjonsdikt etter mønster av "Draumkvedet" og Dantes "Den guddomlege komedien". Først og fremst er det eit jordisk helvete som blir spegla her, og boka syner fram viktige sider av Garborgs tankeverd. Han går til åtak på vonde makter i tida og held oppgjer med mammonsveldet, sjølvhugen og maktsjuken.KVÆDE er ei samling einskildsdikt som Garborg gav ut i ymse blad og skrifter gjennom heile livet. Det mest kjende av desse dikta er truleg fedrelandssongen "Gud signe Norgis land".
ARNE GARBORG (1851-1924) vart fødd i Time på Jæren og opplevde tidleg krisa som følgde overgangen frå naturalhushald til pengehushald. Heile livet var han blant dei fremste kulturkritikarane i landet, og var blant dei få som klarte å leve av å skrive. Han høyrer til blant våre fremste romanforfattarar, han var lyrikar og dramatikar, journalist, kritikar, polemikar og mykje meir. Han produserte til saman over to tusen essay og artiklar om litteratur, språk, filosofi, religion og politikk.
Forlag Aschehoug
Utgivelsesår 2001
Format Innbundet
ISBN13 9788203184055
EAN 9788203184055
Serie Garborg, A. Skrifter i samling 1-12. Bindene selges også enkeltvis (7)
Språk Nynorsk
Sider 346
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket