2017
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Denne boka kom eg over litt tilfeldig. Etter å ha latt meg begeistre av opplesaren Elizabeth Klett på gratisnettstaden Loyalbooks så leitte eg etter bøker ho har lest inn, og la merke til denne boka som virka interessant. Kanskje spesielt det at forfattaren Nella Larsen har dansk familiebakgrunn, og mellom anna skriv om noko så uvanleg som å vere farga immigrant til København på 1920-talet.
Langt på veg er nok motivet for forteljinga, og også mykje av handlinga, sjølvbiografisk. Tilliks med forfattaren har hovudpersonen i boka, Helga Crane, dansk mor og ein far av afrikansk opphav. Ein møter henne som lærar i sørstatane i USA. I eit sterkt segregert samfunn der ein er anten svart eller kvit så slit Helga med å finne seg til rette, og flytter til Chicago og etter kvart til Harlem i New York. Til og med til København, som nevnt. Helga er ei attraktiv og intelligent dame, men uansett kvar ho slår seg ned så er det noko som manglar. Ho føler at ho aldri passar inn, same kva ho gjer.
Boka er godt skrive, sjølv om eg av og til fekk kjensla av at hovudpersonen nesten leita etter motiv for å falle utanfor. Dette er den eine av to romanar som Larsen gav ut. Den andre heiter Passing, og skal tematisk ikkje ligge så langt unna Quicksand. Og sidan det er Elisabeth Klett som er opplesar på denne også så held eg det for sikkert at eg kjem til å lese denne med tid og stunder.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketTwenty-three. I see. Some day you'll learn that lies, injustice and hypocrisy are a part of every ordinary community.
(Chapter Three)
I'm homesick, not for America, but for Negroes.
(Chapter Sixteen)