2016
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Denne boka kunne fort blitt ei kjedelig oppramsing av medlems- og resultatlister av liten interesse utanom for dei som er eller har vært aktive i det aktuelle skyttarlaget. Men forfattarane femner vidare enn dette, her får ein solide doser lokalhistorie tilbake til tidleg 1800-tal og med enkelte glimt frå enno tidlegare tider. Vidare inkluderer boka eit lettfatteleg våpenhistorisk oversyn, korte sagn og eventyr frå lokalområdet, små portrett av markante jegerar og skyttarar frå tidlegare tider, og mykje anna rart. Ei lita skattkiste, med andre ord.
Forfattarane ser også ut over det lokalhistoriske perspektivet. Spesielt interessant var det å lese om skyttarlaga sin rolle i striden mellom storting og regjering på 1880-talet. Brorparten av skyttarlaga tok del i ei folkevæpningsrørsle, der tanken var at dei kunne setje makt bak stortinget sine standpunkt dersom det skulle bli naudsynt. Så langt gjekk det heldigvis ikkje.
Boka kom ut i 1984, på bakgrunn av stoff som var samla inn til skyttarlaget sitt 120-årsjubileum i 1983. Det meste av boka er forfatta av Erik Jenstad, men der er enkelte stykke som er skrivne av andre. Boka er illustrert med fotografi, mest av markante personar, men også av diverse gjenstandar og historiske dokument. Der er endåtil notar til ein skyttarmarsj som blei komponert i anledning eit stemne i 1885. Alt i alt ei variert, interessant og underhaldande lokalhistorie-bok.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketEin av dei som låg frampå med heile brystkassa var Bjørnstjerne Bjørnson. Han skreiv ein "opsong" til folkevæpninga som tydeleg oppfordrar skyttarlaga om å stå bak stortingsfleirtalet mot regjeringa og Kongen:
"Under fanen, under fanen,
for vor friheds sag!
Under fanen, norske skytterlag!
Gamlingen på thinget, skal få stemme trygt og kjækt
bagom rifleringe av den unge slægt!"
Ola Soleim f. 1844 - d. 1931
Var frå plassen Soleimsjordet i Surnadal. Han kom til Sunndal som seminarist i midten av 1860-åra. Det skjedde på den måten at han gjekk ut frå heimen sin for å gå ein tur i fjellet. Han kom ut for skodde, gjekk tull og kom omsider ned til Gikling i Sunndalen. Her var skulestyret samla til møte og Ola Soleim vart tilsett på flekken som læar for øverbygda! Han vart verande i Sunndalen heile sitt liv og var lærar her i 50 år!