2013
Forlag Doubleday & Company, Inc.
Format Hardcover
ISBN13 9780385409667
Språk Engelsk
Sider 114
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
I desse pave-tider, og med påska rett rundt hjørnet, passa det bra å fiske fram denne boka frå bokhylla, der den har stått ulest i meir enn 16 år. Johannes Paul II var polsk kardinal før han blei pave. Han byrja å studere språk og litteratur i sine unge år, men fatta etter kvart interesse for religionen. Bra karriereval.
I boka, som blei gitt ut i høve 50-åsrjubileet for preste-ordinasjonen hans, fortel han om ungdomstida i Polen før og under 2. verdskrigen, der han under okkupasjonen m.a. jobba i steinbrot på dagtid og fekk undervisning ved eit illegalt presteseminar på kveldstid. Deretter får ein vite litt om studia hans i Roma etter krigen, og til slutt nokre glimt frå starten av prestegjerninga i Polen. I siste delen av boka reflekterer han over prestegjerninga på generelt grunnlag.
Meininga med boka er å gjere greie for prestekallet sitt, og då lyt ein sjølvsagt ta med kva for personar som har vært med på å forme seg som ung. Lista er lang, og mykje av teksta framstend som ei opplisting av personar han er takksam for å ha kjent, ispeidd åndelege visdomsord. Men innimellom er det interessant lesing. Boka vil nok vere enno meir interessant for ein katolsk truande enn for ein hobby-ateist som meg sjølv, men eg angrar på ingen måte at eg endeleg tok meg tid til å lese igjennom den.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketIn this intense spiritual climate my mission as a priest and Bishop gradually took shape. The two totalitarian systems which tragically marked our century - Nazism on the one hand, marked by the horrors of war and the concentration camps, and communism on the other, with its regime of oppression and terror - I came to kow, so to speak, from within. And so it is easy to understand my deep concern for the dignity of every human person and the need to respect human rights, beginning with the right to life.