Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 19 av 19 sitater

I fjøset står over 50 levande dyr og ventar på at eg skal føre dei trygt frå fødsel til død. I kommunen bur over 3000 menneske som kan komme til å spørje meg korleis det går.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

KAKEDAGAR

Ei stor og flott kake
kvar einaste dag

men ingen gjester
og ingenting å feire

anna enn kaka, då.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Om å være til nytte

Å holde en knokkel i hånda
banke den mot bordet
slik kan de døde være mer til nytte som døde
enn da de var levende
slik alt burde være til nytte

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Litt om britisk dyreliv

Grevlingane er samla til allmøte i skogen, og dei veit at dei ikkje kan vende attende åt klesvasken før ein har kome til semje om kor vidt Gud i somme stunder vender merksemda også mot dei.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

gris sier til Frank
«dette gjerdet holder deg på plass i din verden»
Frank sier til gris
«dette gjerdet holder deg på plass i din verden»
gris sier til Frank
«dette gjerdet holder deg på plass i din verden»
Frank sier til gris
«dette gjerdet holder deg på plass i din verden»
gris sier til Frank
«dette gjerdet holder deg på plass i din verden»

Godt sagt! (0) Varsle Svar

«det er en liten

fugl jeg har lyst

til å redde» sier Frank

«for å gi den en sjans

men den er like stor
som hjertet mitt

og jeg kjenner igjen
sløseri med krefter
når jeg ser det»

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Då eg kom attende til bordet, hadde sjefen gøymt banana. Ho låg ikkje på bordet, og fjeset til sjefen vart blankt og utfordrande, så det var ingen tvil om kven som hadde vore på ferde. Krisitin såg stivt ned i bordplata og var ille til mote, og ettersom eg ikkje visste korleis eg skulle bere meg åt i denne situasjonen, blei eg ståande nokre sekund i villreie. Men eg fann ikkje ut av det. Eg blei ståande med ein stiv grimase.
– Hm, sa eg, men ingen svarte, og det blei snart så usikkert og pinleg at det blei for mykje sjølv for sjefen, så ho tok banana fram frå fanget sitt og la henne på bordet rett framfor seg. Så lo ho.
– Du var redd no, Maria. Redd eg hadde tatt banana di. Ha ha ha ha ha!
Eg lo anstrengt, og Kristin sukka høgt.
– Du trudde kanskje eg hadde ete banana di, du, no, lo sjefen, og eg lo også, eg strekte meg fram og snappa banana tilbake og sa:
– Du kunne godt ha fått ho. Eg har ei til på bøttekottet.
– Nei takk, nei takk, nei takk, lo sjefen. – Jammen likar du banan, Maria, lo ho vidare, – banan kvar dag for din del, sa ho og laga apelydar.
Eg berre drog litt på smilebandet og nikka stadfestande.
Jau då, eg likte bananer.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ein kveld eg låg pal under dyna med eit grottemørkt humør, stakk eg øyreproppar i øyro for å stenge husets lydar ute: latter, ei fjern sentrifuge, ommøblering. Etter kvart som proppgummien utvida seg inni øyregangane, byrja eg i staden å høyre mitt indre: hjarteslag, knirking i nakken, pusten i nasen, overtennenes små klakk mot undertennene, svelginga. Det var eit jævla bråk der inne også.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

– Nå må du prøve alle følelser, slik at du senere kan forstå andre enn deg selv. I tilfelle du er en sånn som ikke blir ensom, så må du ha vært det som ung for å kunne bli en riktig voksen. En moden voksen, det teller, skjønner du? Å vere ung, er å være en prøvekolleksjon.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Alt det ein har tulla og levd! Og drømt og vasa, ja, nemn det ikkje. Og no er det slutt, gudskjelov.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Når eg drikk vin, overmannar
ikkje språket meg meir. Eg
finn veksande fristadar,
grøngrøne Sherwood-skogar
som spreiar seg, midt i alle
setningar. Også i dei mest
fiendslige. Derfor treng eg
ikkje grue for første ordet
eller siste ordet i dei
heller; setningane blir ufar-
lige, ufarligare, ufarligast
i begge retningar, blir
oransje ekorn og ekornungar
blir brune konglar. Skål for
Marian og Robin, Skål for
Einar Økland. Skål for sy-
nåler av rustfritt stål. Så
snille, så snille. (Sjølv om
eg mistar tråden.)
Fingerbjørgskål.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er så lei

av at all radio skal dreie seg om radio
og av at all teve skal dreie seg om teve
og av at alle aviser skal dreie seg om aviser.

Må eg komme med eksempel?
Eg finner heller fram fløytepakken.

Eg er så lei, så lei

av at alle dikt skal dreie seg om dikt.

Må eg komme med eksempel?
Eg finn heller fram meliseska.

Eg er så lei, så lei, så lei

av at alle diktarar skal vere sinte på ein og same
diktar
og av at alle kritikarar skal vere illsinte på den
diktaren også.

Må eg komme med eksempel?
Eg skjer heller desse nysteikte kakene her i to.

Eg er berre så lei

av at alle media skal dreie seg om media
og av at alle reklame skal dreie seg om kunst

at no har eg tenkt å ete tolv vannbakkels

eg aleine!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Egentlig, ville jeg rope, skriver jeg slett ikke om det som jeg skriver om! Stoffet er en biting, helt intetsigende! Formen er hovedsaken! Jeg slumpet bare til å ha disse stakkarene som lette etter vann, tilgjengelig i tankene, jeg brukte dem for å få til en form. Jeg kan tenke meg å skrive om hva som helst, bare jeg finner den tilbørlige formen! Formen er hellig! Vår evighetslengsel er lengsel etter form.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Visjonær i mai
i oktober visjonarr?

Eg er eit spennande par!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Helvetet

Når vi er barn, er helvetet berre eit namn på djevelen i munnen på foreldra våre. Seinare blir bildet meir ugreitt, og vi ligg og vrir oss i senga gjennom endelause tenårsnetter mens vi prøver å sløkkje dei sviande logane rundt oss – fantasiens logar! Endå seinare, når vi ikkje lenger ser oss i spegelen fordi ansiktet vårt har begynt å minne om djevelen sjøl, blir førestellinga om helvete meir ei intellektuell frykt og ei frykt vi prøver å berge oss unna gjennom å beskrive ho. Når alderdommen er nådd, er helvetet så nær at vi aksepterer det som eit nødvendig vonde, vi er til og med litt spente på pinslene. Og endå seinare (no slår eldtungene verkeleg opp rundt oss) ligg vi der og brenn og tar til å ane at vi kanskje kunne venje oss til klimaet. Etter tusen år spør ein djevel med dystert oppsyn om vi framleis lir ille. Vi svarer at det er spørsmål mykje meir om rutine enn om liding. Til sist kjem dagen då vi kunne forlate helvetet, men energisk avviser tilbodet. For kven vil gi slepp på ein kjær vane?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Stemma di, stemma di, stemma di.
Om du las Bergverksnytt høgt
blei det poesi.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kjem Siv Jensen til å ofre nynorsken min?
Eg blir litt pirra av tanken!

For då! For då! For då!
Kjem eg til å få bere på ei stor sorg.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg vil helst sleppa det.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

eg får ikkje sove
trøttheten er
som laust gras
i kroppen

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

MetteKirsten LundEllen E. MartolVegardTanteMamieAvaJohn LarsenMarianneNMorten MüllerGodemineSiljeNeraBjørg L.Andreas BokleserTheaGro Anita MyrvangSynnøve H HoelOddvarGJulie StensethKjetilLaila StenbrendenritaolinekriraKarin BergAmanda AHarald KGro-Anita RoenRavnBerit RBjørg Marit TinholtAkima MontgomeryChristofferSigrid NygaardStian AxdalBeathe SolbergEgil StangelandStig TCathrine ØDolly DuckLene Andresen