Viser 1 til 1 av 1 omtaler

For nokre år sidan las eg Et år i Provence av Peter Mayle - ei lettlesen bok som eg kosa meg med. Såg derfor fram til denne. Må nok tilstå at eg sit att med blanda kjensler.

Nokre kapittel var fornøyelege: om dei skarpaste ostane, dei sjeldne trøflane - om korleis lage ein perfekt omelett, om froskelårfestival. Han greier å skildre gastronomiske opplevingar i ulike deler av Frankrike slik at ein nesten får vatn i munnen ( sjølv om froskelår aldeles ikkje står på mi liste....)

Men - etter vel halvlesen bok vart eg litt lei av mat og vinsmaking, sjølv om han varierer både råstoff, kulinariske rettar og ikkje minst: mange ulike festivalar og landsbyar.

Har bestemt meg for å "spare" dei tre siste kap til kveldslektyre - ein gong eg er i beit.... Terningkast: sterkt i tvil, kanskje noko midt på treet?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødEllen E. MartolSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryHarald KrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn Christinbandini