Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Det som først og fremst slår meg når eg les denne boka er kor store endringar dagens teknologi som t.d. mobiltelefoni, videokameraovervåking og datateknologi ville medført for plottet. Boka kom ut i 1971, hendingane er lagt til 1962-1963. Det er ikkje meir enn eit halvt århundre sidan, likevel er det utruleg å tenke på korleis premissane for ei slik forteljing har endra seg.

Den franske presidenten Charles de Gaulle har vært utsatt for fleire attentatforsøk, og boka innleiast med ei dokumentarisk og sann skildring av eit av dei mest dramatiske. Bakgrunnen var at ein fraksjon av dei militære, som danna terrororganisasjonen OAS, såg på de Gaulle som ein landssvikar etter at Algeria fekk sjølvstende i 1962. Og no startar fiksjonen. Sidan OAS er infiltrert av den franske tryggingstenesta, ser ikkje OAS-leiaren annan råd enn å i løyndom hyre ein utanlandsk leigemordar for å knerte de Gaulle. Boka handlar om korleis dei oppretter kontakt med leigemordaren, førebuinga til attentatet, og korleis tryggingstenesta kjem på sporet av at noko er i gjære.

Og her kjem mangelen på dagens teknologi inn i biletet. Det er imponerande skildringar undervegs av korleis leigemordaren skjuler spora av kva han har for planar, og alt arbeidet som tryggingstenesta legg ned for å følge dei få spora som finnest. I dag hadde mykje av dette møysommelege detektivarbeidet vært unnagjort med eit par tastetrykk.

Forsyth skriv i ein dokumentarisk stil. Det meste av det som skjer er også tilforlateleg. Derfor er det lett å få seg til å tru at dette virkeleg kunne ha skjedd, og lesaren blir riven med i historia. Boka var Forsyth sitt gjennombrot, den kan kanskje seiast å vere sjanger-definerande, og den vann mange prisar. Den er populær den dag i dag, og etter å ha lest den kan eg slå fast at den har tålt tidens tann.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Julie StensethVibekeKari FredriksenPiippokattaTore HalsaAnne-Stine Ruud HusevågDemeterSynnøve H HoelToveIngunn SBertyAkima MontgomeryFrode Øglænd  MalminAud Merete RambølSol SkipnesJoakimEli HagelundTone HFredrikEllen E. MartolKathinka HoldenKirsten LundFlettietteritaolineCathrine PedersenVariosaIngeborgElisabeth SveeAlice NordliMarianne  SkageAnneWangGroGunillaKaren PatriciaBeathe SolbergRonnyIngunn ØvrebøChristofferAstrid Terese Bjorland SkjeggerudTatiana Wesserling