Viser 1 til 9 av 9 omtaler

Ein minimalistisk roman.

I Fuglane ser vi som les stort sett verda slik hovudpersonen Mattis ser ho. Vesaas gjev han ikkje nokon diagnose, men gjer det fort klårt at han har ein kognitiv svikt og blir rekna som ein «tust.» Verda hans er lita. I staden får vi eit intenst, levande inntrykk av Mattis sjølv. Tankeverda hans er kompleks med mange fine, originale bilete, men ho skapar òg ulage og frykt i relasjonane til andre menneske. Men når det av og til går godt, fyllast Mattis av ei stor glede. Denne sida av han er med på å gjere romanen til ei stor leseoppleving.

Søstera Hege er òg fint skildra, men ho blir likevel ståande noko i skuggen. Kor krevjande rolla som nær pårørande kan vera, vert elles godt handsame i dei nyare bøkene til Olaug Nilssen, til dømes Uønska åtferd og Tung tids tale.

Boka inngjekk i samlesinga i Lesesirkel 2021 våren 2024.

Godt sagt! (7) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Et mesterverk. Tekster som vekker det indre livet hos leseren. Anbefales!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Søsknene Mattis og Hege bor i ei lita koie ved vannet. Hege strikker og selger kofter for å holde liv i seg og broren. Mattis er en "outsider" i bygda, og har vanskelig for å få arbeid. Hjernen til Mattis fungerer ikke som normalt, og han faller rett som det er i staver over både fugler og folk. Han tenker mye på hva bygdefolket tenker og mener om ham.
Etter mye om og men, finner Mattis ut at han skal være ferjemann. Det tar sin tid å få passasjerer, men så skjer det. En tømmerhogger blir med båten, og slår seg ned sammen med Mattis og Hege. Nå er de to om kjærligheten til Hege, og Mattis kjemper for henne så godt han makter.

Nydelig skrevet om å være annerledes.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Mattis er 37 år, bur saman med søstra Hege på 40, som har tatt seg av han sidan dei blei foreldrelause som unge. Mattis er lettare mentalt tilbakeståande og er også forteljarstemma i boka. Dette har Vesaas gjennomført på ein aldeles strålande måte; å la lesaren tre inn i sinnet til ein litt forvirra person. Men Mattis greier også, gjennom Vesaas, å setje ord på vanskelege kjensler, diffuse nyansar i mellommensklege forhold.

Mattis veit sjølv at han ikkje er slett så skarp som dei andre rundt han, og er også til einkvar tid var for dette. Han søker også etter samanhengar, og finn logikk på måtar som ikkje er så tydeleg for andre. Men Vesaas maktar langt på veg å gjere det forståeleg for lesaren. Einast på slutten svikta det for meg, eg makta ikkje å forstå kva for impulsar som leia Mattis til å setje seg på prøve på den måten han gjorde.

Det er ei sterk og nydeleg bok dette, som vekker mange kjensler hjå lesaren. Grei skuring, som Mattis seier ved eit par høve. Eg vingla mellom terningkast 5 og 6, det blei ein 5’ar med hårfin margin. Og eg må nok lese enno fleire bøker av Vesaas med tid og stunder.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

"Fuglane", Tarjei Vesaas
Eg plar lesa ein klassikar no og då. No vart det Fuglane. Utan tvil ei sterk bok med gode skildringar av natur, og naturbilder inn mot menneskesinnet. Vi fylgjer Mattis og systå hans Hege, som bur åleine i ei stove i skogen. Dei har på kvar sitt vis si eiga utfordring, og utfordrinha heiter Mattis. Mattis kan vel omtalast som ein bygdeorginal med kunstnarkjensle - men utan kunstnarhender og tolmod. Dette vert særs vanskeleg for di både, når Hege, som har passa bror sin i firti år, får ein framandkar på besøk. For det er ikkje lenge han er framand, for å seie det slik - han vert der verande. Veldig mange universelle problemstillingar om livet, og frykt om framtida, kjem til overflata - ja, under også.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

I "Fuglane" tar Tarjei Vesaas oss med i en skjult og samtidig åpen verden. Hovedpersonen Mattis er ikke som alle andre. Ved første øyekast virker han som en hvilken som helst tilbakestående som til tross for sin voksne alder bor med sin søster. Men Mattis ikke bare ser men forstår sammenhenger som ingen andre kan. Hans forhold til naturen, og ikke minst disse "fuglane", er nærmest sjamanistisk. I naturen føler han seg trygg, her blir han ikke dømt slik han blir av sine medmennesker.
Slik er naturen hans hjem, og fuglene hans venner.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Denne romanen bør leses! Vesaas gjør en god jobb med å vise hvordan livet kan være enkelte mennesker. Om du synes den er litt trøtt i begynnelsen anbefaler jeg likevel deg å lese hele boka (den er tynn, så det tar ikke lang tid), for du forstår mer etterhvert som du blir kjent med miljø, handling og personer. Denne boka får deg virkelig til å tenke!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nydelig bok med stor dybde om kanskje noen av de vanskeligste følelsene som er mellom mennesker.
(Sml. Faulkner "Larmen og Vreden", første del ift. hovedpersonens utgangspunkt).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

FredrikAnne-Stine Ruud HusevågVioleta JakobsenFriskusenRunePi_MesonTonesen81PiippokattaKirsten LundJoakimToveAud Merete RambølHilde H HelsethMarenJane Foss HaugenTom-Erik FallaGeir SundetBeathe SolbergEllen E. MartolAlice NordliCecilie69Kikkan HaugenIrakkBirkaConnieHilde VrangsagenSolveigJarmo LarsenBjørg Marit TinholtKaramasov11Cecilie EllefsenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNorahAnniken RøilMonica CarlsengretemorJon Torger Hetland SalteKarin  JensenAnne Berit GrønbechKjell F Tislevoll