Viser 1 til 2 av 2 omtaler

God bok med ein veldig sterk historie og språk som godt avspeglar handlinga. Etter å ha lest litt trong eg å skaffe meg litt bakgrunnskunnskap om krigen i Libanon. Dette er inforstått kunnskap hjå alle personane i boka, så det var greit å ha litt av den inforståttheiten inne før eg las vidare. Litt meir på bloggen.

Elles så vil eg igrunnen berre støtte Hilda i alt ho skriv om boka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Beirut, krig, kriminalitet - vold og død - er akkurat det motsette av kva eg likar å lese om. Kanskje derfor denne boka har stått på vent så lenge?

Vi er i Roma, Paris og ikkje minst i Libanon under borgarkrigen- i ei verd der bomber er ein del av kvardagen.Vi følgjer barndomsvennene Bassam og George og deira måte å takle ein krigskvardag på. Og - krigen, marerittet, tek ikkje slutt sjølv om ein forlet det krigsherja landet.

På baksida av boka står det: "I et vakkert, sobert språk skildrer De Niros Spill Bassams drøm og streben etter et annet liv, med en blodig borgerkrig som bakteppe.

Krigen fører til mange tap - store tap - som eg-personen Bassam vil bere med seg resten av livet. Men det er også ei forteljing om vennskap, både på grunn av - og på tross av.

Og når det gjeld språket så er det meir enn grunn god nok til å lese boka: Er fascinert av dei korte, knappe setningane og den overraskande og noko uvanlege bildebruken. Forstår godt at denne boka har vunne fleire prisar.

Tok meg sjølv i å spekulere på om noko av innhaldet kan vere sjølvopplevd... Først i dei siste par kapitla forstod eg tittelen på boka, men er kanskje litt treig i oppfattelsen...

Ser at ikkje mange har denne boka på lista si, men etter mi meining er den vel verd å bruke nokre timar på. Kanskje kan vi forstå litt meir av kva ein del flyktningar ber med seg?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Christoffer SmedaasHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenHilde VrangsagenLinda RastennefertitiEllen E. MartolRoger MartinsenTor-Arne JensenMargrethe  HaugenHarald KTove AlmaMcHempettStian AxdalEgil StangelandVivian M.PrunellaReadninggirl30LailaÅsmund ÅdnøyBerit RVibekeTheaIngunn SLars MæhlumEli Hagelundmay britt FagertveitbandiniBjørn SturødMarit HåverstadAgnete M. HafskjoldMarianne MTurid KjendlieDemeterIngeborg GCarine OlsrødAnneBeathe SolbergKari MeretePi_Meson