Eg likte denne boka. For det første har den små humoristiske kommentarar, som skal forestille kommentarar skrivne av Harry Potter (spesielt om farlege beist og at Gygrid sikkert kjem til å skaffe eit eksemplar snart). For det andre likte eg at eg kjende igjen (les: klarte å hugse) så mange av artane frå Harry Potter-bøkene og hugsa i kva samanheng vi møtte på dei. Likte delen som omhandlar drakar svært godt.