Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Meggie på tolv år bur med far sin, Mo, og alle bøkene deira. Det er bøker på alle overflater, i stablar på golvet, i kasser under senga, på do. Mo lever av å gje bøker nye kjolar, og Meggie elskar både faren, arbeidet hans og alle bøkene. Berre ein ting forundrar henne: Mo les aldri høgt for henne. ho kan såvidt minnast at han gjorde det før mor hennar forsvann 9 år tidlegare, men ikkje etterpå. Etterpå har dei dessutan flytta mykje omkring, berre den vesle bussen deira og alle bøkene er konstante i liva deira. Ein dag tek likevel fortida dei att, i form av gjøglaren Støvfinger. Han kallar Mo “Trolltunge”, og vil ha tak i ei spesiell og sjeldan bok. Ei natt forsvinn både boka, Blekkhjerte, og Mo.

Historia i Blekkhjerte er original. Det handlar om grensene mellom fantasi og røynd, og kor mektige skrivne, og lesne, ord er. Det handlar om kjærleik mellom far og dotter, og om ein mann med eit blekksvart hjarte. Med på jakta for å finna att Mo, og etterkvart redda heile familien frå den vonde Capricorn og hans svartkledde menn, vert gamle tante Elinor, flammeslukaren Støvfinger, hans ikkje heilt tamme mår Gwin, Farid, som er lesen ut av 1001 og ei natt, og forfattaren Fenoglio. Det er kjekke, levande figurar (sjølv om ein skal vera forsiktig med å seia slikt etter å ha lese Blekkhjerte), og historia er både spanande og medrivande, sjølv om boka på sine vel 500 sider kan verka lang i utgangspunktet. Settinga, i eit moderne Europa med mobiltelefonar, minibankar og hotellovernattingar, gjer at hendingane både verkar meir fantastiske og meir truverdige. Korleis kan me vita sikkert at det ikkje finst “trolltunger” som Mo, og blå alvar i skogane i Sør-Europa?

Cornelia Funke vert nemnt av Neil Gaiman som ein av hans hjelpande vener, og ein kan merka eit visst slektskap mellom dei to både i setting og målgruppe. Blekkhjerte er plassert i skjeringspunktet mellom vår verd og fantasiverda, slik mykje av Gaiman si dikting og er, og utforskar grensene for menneskeleg fantasi. I tillegg er boka klart retta mot eit yngre publikum, med eit ganske enkelt språk og ein hovudperson på 12 år, men dramatiske hendingar, ei spanande historie og spørsmål kring dei nemnte grensene gjer at den òg passar godt for eldre lesarar, særleg dei av oss som har vakse opp med Den uendelige historie og Narnia – eller dei av oss som les Gaiman og liknande i vaksen alder

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Turid KjendlieVioleta JakobsenHarald KsomniferumPiippokattaStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienNina