Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Eg levde meg heilt inn i denne forteljinga om ein gut i 7-ande klasse som har mista faren, og må ta hand om veslebror sin og vere den vaksne. Mor klarer ikkje å ta seg av dei, klarer ikkje seg sjølv ein gong. Vi får sjå frå guten sitt perspektiv og frå mor sitt. Mor har klart å få uføretrygd. Noko skjedde då ho var lita som gjer at ho ikkje har tru på at lukka er for henne. Ei kort stund opplevde ho glede og tilnærma tryggleik ilag med mannen som alltid var der for ho og venta på ho heilt til ho klarte å opne seg opp. No er han borte, og ho har gjett opp, og trives best åleine, eller på fest om nettene med andre som ikkje fiksar livet. Guten har ingen å vende seg til, og må for einkvar pris halde skjult korleis han har det.
Vakker og lettlest bok. Sår, rørande, djup, med stor empati for denne vesle familien og alle som ikkje heilt får det til.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Denne boka gjorde inntrykk.
Som ein knyttneve i brystet
Som ein varsko
Som snøfnugg som kviskar at vi må sjå dei som ikkje vil synast, høyra dei som stille trekk seg attende.
Ei kort fortelling om noko langt, noko djupt, om det vi ikkje alltid kan nå i oss sjøl og i andre.
Eg vil halda fast, bli betre kjend, det er opp til meg no å legga merke til desse og utanfor boksidene.
Framifrå arbeid av Lars Ove Seljestad

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Harald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaKirsten LundJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita Ness