Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Hovedpersonen vert uventa gravid og går gjennom endringar både fysisk og mentalt. Me følger ho gjennom heile svangerskapet og dei første månadane med baby. Brått vert det viktig med fast jobb for å få foreldrepengar. Ho tenker på barndommen sin, og ser mor si med nye auge. Ho tenker på korleis samfunnet ser på morsrolla. Ho leiter etter dei heilt subjektive erfaringane om korleis fødselen er. Ho vil førebu seg, men som alle nye mødre blir verda snudd opp ned når ein blir mor. Eg kunne kjenne meg att i mange av tankane hennar, og hugsar sjølv at eg las alt eg kom over for å lære om det nye tilværet med barn. (Eg har ei liste med svangerskapslitteratur her på bokelskere, og ei med foreldrelitteratur!) Eg hugsar eg likte veldig godt Vinterbarn av Dea Trier Mørch, men denne kjem endå tettare på korleis det er å få barn no i 2019. Vinterbarn hadde mange flotte skildringar, men ber likevel preg av å vera frå 1977. Eg har nok meir til felles med hovudpersonen i Dyret. Perfekt bok for ventande mødre!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Endelig en bok som beskriver og forteller om alt stort og smått som skjer med, i, og rundt, den gravide kvinnen, fødekvinnen, og barselkvinnen. Nydelig fortalt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundIngunn SKjell F TislevollJørgen NLilleviHilde H HelsethcupcakeMads Leonard HolvikSigrid NygaardVegardTone HGrete AastorpLinda NyrudKjerstiHarald AndersenJohn GulfjelletKetilStig TPiippokattaTor Arne DahlLailaSigrid Blytt TøsdalAgathe MolvikReadninggirl30alpakkaRisRosOgKlagingTheaTorill RevheimEivind  VaksvikBjørg Marit TinholtNina M. Haugan FinnsonStine SevilhaugAnniken RøilRoger MartinsenTine VictoriaAnn EkerhovdNinaNorahTove Obrestad Wøieningar h