Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Ei eventyrleg flott reiseskildring, der Amelia Edwards gjer greie for reisa si på Nilen vinteren 1873-1874. Det vil seie, dei reiser ikkje berre avgarde på Nilen, men stoggar mange stadar undervegs for å utforske historiske ruinar av mange slag.

I mitt einfold har eg gått rundt med ei forestilling om at gamle egyptiske ruinar først og fremst er noko ein finn i området rundt Kairo. Nei, langt derifrå. Langs heile reisa, som tittelen ikkje lyg noko særleg om lengda på, så vitjar dei oldtidsbyar og -monument av varierande art. Reisa gjekk nesten heilt til grensa til Sudan. Forfattaren var historisk interessert, ho nemnast på wikipedia som «egyptolog», og skal ha gjort ein innsats for forske på og å bevare den egyptiske kulturarven. Og særleg dette med bevaring kunne nok trengast, ein får inntrykk av at på denne tida kunne kven som helst som hadde ork og midlar til det berre spankulere rundt i ruinane og plukke med seg det dei måtte ynskje seg av suvenirar.

Reise gjekk føre seg med ein husbåt. I tillegg til skildringa av dei ulike oldtidsminna, så får ein også levande skildringar av livet både om bord i båten, og i dei ulike byane og landsbyane dei vitjar undervegs. Kanskje mest imponerande er skildringa av korleis dei forserer Første Katarakt, eit elvestryk i Nilen, med husbåten.

For den som får tak i ei papirutgåve av denne boka, så den forhåpentlegvis illustrert med Edwards sine eigne teikningar frå turen. Sjølv høyrde eg den som gratis lydbok på Loyalbooks, opplesaren var suveren. Sidan eg også er glad i å sjå på teikningar, så fann eg fram til denne sida som inneheld dei aktuelle illustrasjonane. For den som er begeistra for gamle reiseskildringar, Egypt, eller begge deler, så kan eg trygt anbefale denne boka.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Vivian M.PrunellaReadninggirl30LailaÅsmund ÅdnøyBerit RVibekeTheaIngunn SLars MæhlumEli HagelundHarald Kmay britt FagertveitbandiniBjørn SturødMarit HåverstadAgnete M. HafskjoldMarianne MTurid KjendlieDemeterHanne Kvernmo RyeIngeborg GTor-Arne JensenCarine OlsrødAnneBeathe SolbergKari MeretePi_MesonPiippokattaKirsten LundTorill RevheimBjørg RistvedtLinda NyrudTone SundlandJulie StensethSolveigMonica CarlsenJBStine SevilhaugTone H