Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Boka handlar om Aksel Hjelle, tater, uteseilar, og ein likandes kar men som likevel kjenner seg dømd til å leve på utsida av den etablerte normalen i samfunnet. Han var ei kort periode tolk og altmuligmann ved det presumptivt fiktive Hotel Eldorado i Malaga som var under etablering i eit samarbeid mellom Braathens SAFE og diverse reisebyrå i 1961. 40 år seinare er den nyskilde Miguel i ferd med å restaurere hotellet, Aksel dukkar opp og hjelper til med oppussinga, og deler livshistoria si med Miguel. Det er ei livshistorie prega av overgrep, både direkte mot Aksel men mest mot mange som har stått han nær i livslaupet. Grunnen til at Aksel dukkar opp nettopp her etter så lang tid kjem fram mot slutten av boka.

Forfattaren Svanes er fantastisk flink til å male ut scenene i boka, det er nesten slik at ein kjenner å vere til stades sjølv. Detaljerte skildringar gjer at ein får inntrykk av at Svanes har framifrå kunnskap om sjøfart, om flislegging, om Braathens SAFE, om byen Malaga, om barnevernet i Norge på 1930-talet og diverse andre tema. Men det glepp litt enkelte stadar. For eksempel er flyskrog laga av aluminium, ikkje av stål som Svanes påstår minst 3 stadar i boka.

Handlinga gjer både store og små sprang i tid og stad, noko eg likar godt, og historia blir bygd opp på ein tiltalande måte. Eg har litt meir problem med dialogen og enkelte av tankestraumane i boka. Det virkar som om det er meininga å underfortelje, som kan vere eit godt grep, men når eg ikkje alltid greier å følge same tankebanene, eller gjere same assosiasjonene, som hovudpersonane i boka så blir eg innimellom hekta av.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

En intetsigende og rotete bok som jeg absolutt ikke likte. Jeg klarte ikke å følge med i alle historiene som ble fortalt her. Satt skuffet igjen da jeg var ferdig med siste side.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Alice NordliVigdis VoldTralteVannflaskeMads Leonard HolvikToveThomas KihlmanDolly DuckKirsten LundWencheRune U. FurbergTonesiljehusmorIreneleserEster STove Obrestad WøienLeseberta_23Heidi BBLabbelineNorahTerje MathisenSynnøve H HoelPirelliTone SundlandTore OlsenLailaBente NogvaJarmo LarsenEmil ChristiansenHilde Merete GjessingEgil KristiansenmarithcPerSpelemannOdd HebækMarianne  SkageKarina HillestadKristine LouiseLars MæhlumSverre HoemAnne-Stine Ruud Husevåg