Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Underhaldande og opplysande, men freistar òg til å bli motsagt.

Fløgstad byder lesaren til å sjå på sovjetisk arkitektur og byplanlegging med friske og helst positive auge. Han hevdar sjølv å vere partilaus, men ser i høg grad på verda med eit ideologisk farga blikk: «I arkitekturen frå det forrige hundreåret fall sosialisme og modernisme verkeleg saman.» (s. 253).

Problemet er sjølvsagt at vi får ei mengd prov på at det ikkje kan stemme. Unge russarar ser på eit vakkert (men tomt) Lenin-museum med eit reint estetisk blikk og skjønar seg ikkje på Fløgstad. «Progressive» arkitektar tek tydelegvis oppdrag for kven som helst berre dei får byggja. Slik sett er det eit innbygd tvisyn i framstillinga, som gjer ho morosam å lesa.

Ei rundreise i Aust-Europa
Med utgangspunkt i Moskva er boka ei reise båe i tid og i geografi. Fløgstad skriv godt om hovudretningar i sovjetisk arkitektur og kunst frå revolusjonen 1917 til samanbrotet åt Sovjetsamveldet (NB!) 1991. Han har reist mykje i Aust-Europa og vitja fjerne byar i Sibir. Han er god til å skildra miljøet og stemninga på dei ulike stadene. Han likar russarar og kviterussarar, men har ikkje den same hugen til estarar, latviarar og litauarar. Dei er etter måten for nasjonalistiske for kosmopolitten Fløgstad.

Alt kan ikkje vere rett
Boka har litt for mange openberre feil. Som eit eksempel skriv han at Noreg var einaste Nato-landet med sams grense med Sovjetunionen under Den kalde krigen. Det hadde òg Tyrkia før Armenia vart sjølvstendig 1991. Om Riga skriv han at byen har ein ny synagoge medan den einaste eksisterande skriv seg frå 1905. På andre punkt er han nok meir ute for å provosere oss som les boka, som når han vil ha det til at sovjetiske forfattarar i mellomkrigstida var betre enn mange av dei mest namngjetne i Vesten. Men han nemner knapt ein einaste russisk skribent frå den tida.

Boka har Einar framifrå, «konstruktivistisk» bokbunad av Øystein Vidnes. Biletutvalet er for ein stor del henta frå fotobyrå og reprodusert i sterke prospektkortfarger. Vil ein sjå fleire bilete frå den siste, ville perioden i sovjetarkitekturen etter 1974, kan eg visa til den flotte Taschen-boka til Frédéric Chaubin.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Bra sagt IKAROS,,eller gorbatsjov,eller sylvi lysthaug,,det samme konsekvensis for samfunet da,.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundTine SundalalpakkaPiippokattaLars Johann MiljeChristofer GabrielsenReadninggirl30Akima MontgomeryflaEvaHilde VrangsagenAnne Berit GrønbechCecilie69Reidun SvensliAlice NordliAnne LiseEileen BørresenG LLisbeth Kingsrud KvistenHarald KAmanda AAnn Helen EmgeSynnøve H HoelFiolNorahBenedicteHeidi LConnieHildeE .Tone HMarianneNDaffy EnglundCarine OlsrødEster SIngeborgBeathe SolbergLailaIngeborg GSigrid Nygaard