Boka handlar om to dustar som er skikkeleg slemme dustar (so pass slemme faktisk at boka like så godt kunne heitt Slemmingane - eller Slemmingene da om vi absolutt må skrive bokmål). Men so ein dag tek apekattane og fuglane hemn. Høyrast ikkje festleg ut? Jau, det gjer det no!
For Roald Dahl er framleis Roald Dahl.Og han er ein av få som kan ro i land ei historie som eigentleg ikkje har begynt som noka historie. Eigentleg so virkar det som om han har begynt å skrive utan nokon klar plan. Han skulle berre fortelje om desse fantastisk dustete dustane.
Dette gjer at det ikkje er so mykje samanheng mellom dei fyste og dei siste kapittela. Boka er på ein måte delt i to. Men gjer det noko? Ikkje i det heile. Hysteriskt morosamt uansett, om enn ikkje like heilskapeleg som til dømes Matilda.
Ein av dei aspekta ved bøkene til Roald Dahl som eg sett mest pris på er høgtlesarfunskjonen. Og med dette meinar eg ikkje at kvar bok kjem med ein knapp du kan trykke på og so blir boka lest for deg.
Det eg meinar er at boka kan lesast høgt -og det er durabeleg morosamt for den som les og! Det verste som finst av barnebøker er dei som er kjedeleg å lese for oss vaksne. Vi må jo mest sannsynleg lese dei eit par gonger, so det er jo ein fordel om dei er morosame for oss og.
Og eit ekstra pluss i margen er det jo at figurane er so lette å lage stemmer til. Til dømes Herr og Fru Dust var ekstremt lette. Dei er jo kjempedustar og har kjempedustete stemmer (Herr Dust fekk vere Ålesunder - heng framleis igjen frå barndommen at dei er litt dustete). Og fuglar og apekattar snakkar vertfall rart.
Kunne so Roald Dahl skrive dårleg? Fins det ei bok av han som er kjedeleg ? Burde kasnkje lese alle bøkene han har skrive og finne det ut? Ingen dum ide :)