Viser 1 til 3 av 3 omtaler

Denne var litt skuffende. Jeg trodde det skulle være en reportasjebok, men det er en gjennomgang av politikken til Republikanerne, område for område, gjennom temmelig omstendelige drøftninger.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Utan Trump.

Rossavik nemner knapt den noverande presidenten i USA. Likevel har eg så godt som berre lovord for Blant republikanere. Det skuldast at sjølv om boka vart utgitt før presidentvalet 2016, gjev ho ei solid forklåring på kvifor grunnstammen blant republikanarane til no har vore så overraskande lojal mot Donald Trump. Slik eg ser det, har han meir enn nokon annan president gjeve sine konservative kjerneveljarar kva dei ynskjer seg. Kva for ynskje syner Rossavik gjennom intervju med ein stor breidd aktive konservative amerikanarar.

På meisterleg vis analyserar Rossavik sitt eige journalistiske arbeid i ljos av faglitteraturen på feltet. Boka er likevel lettlesen og underhaldande. Eg skulle tru at sjølv amerikanarar ville hatt nytte av å lese denne boka.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Rossavik leverer ein leseverdig, kortfatta diagnose av Grand Old Party, Republikanarane! Eg skulle til å skrive "sjukdomshistorie", i tillegg til diagnose. Jau, saktens fortener Det republikanske partiet som me nordiske sosialdemokratar kjenner nyansering. Det me ofte vil sjå på som "sjukeleg" – frie våpen, ein minimal stat og rigide verdier – har ikkje alltid vore Det republikanske: GOP har gått frå å vera nordstatpartiet, til å bli sørstatspartiet. Borna til raseskillesupportarane stemmer no republikansk. Kvifor? Partiet til Abraham Lincoln er også partiet til Donald Trump (merk likevel at boka er skriven før 2016, og Donald Trump er berre overflatisk nemnd). Kva har skjedd? I boka får du svar nok.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandHarald KLinda NyrudPi_MesonStig TAneSynnøve H HoelMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland SalteAlice NordliIngvild SMonica CarlsenChristoffer Smedaas