St. Mary's Institute of Historical Research driver med omtrent det ein skulle tru, men på ein heilt annan måte enn dei fleste andre historiske institutt. Med te som sitt viktigaste drivstoff, undersøkjer dei historiske hendingar i samtid. Kall det for all del ikkje for tidsreiser, det fører ikkje noko godt med seg!
Me følgjer Dr. Madeleine Maxwell, ein historikar med eit skarpt sinn og ei skarpare tunge, som gjer sitt beste for å få seg sjølv og resten av St. Mary's ut av (og like ofte inn i) trøbbel. I denne første boka i serien (nummer sju kjem i mai), blir me med ho og resten av teamet til Frankrike under første verdskrigen, via kritttida til eit visst bibliotek i fyr og flamme i Alexandria. Det viser seg etterkvart at det ikkje berre er St. Mary's som reiser rundt i historien, og det er ikkje alle som har like ærlege hensikter.
Skrivestilen i serien om St. Mary's er hurtig, engasjerande og svært komisk, men slett ikkje utan mørke sider. Slik sett kan ein sei at bøkene kan minne om ei blanding av P.G. Wodehouse og Dr. Who. Hovudpersonen, Dr. Maxwell, er utvilsomt ei sterk, smart og snarrådig kvinne, men ho gjer sine feil undervegs, noko som gjer ho meir interessant en den gjengse superkvinna/mannen. Resten av karakterane er noko stereotypiske utan at det plager meg i særleg grad, men eg kunne godt tenkt meg å komme meir under huda på dei. Lesaren får forsovidt små drypp her og der, men ikkje nok til å gjera dei ordentleg tredimensjonale.
Temaet tidsreiser er noko eg syns er ganske fascinerande, men det er ikkje enkelt å framstille det og alle paradoksa det medfører på ein nokonlunde truverdig måte. Dette syns eg at forfattaren løyser tåleg bra, og det er ei fryd å følgje etter gjennom historia.
Misforstå meg ikkje, dette er lett underhaldning, men som det fungerer bøkene om St. Mary's veldig, veldig bra. Den erkebritiske humoren treff meg eit hundre prosent, og det høge tempoet gjer sitt til at det trengs litt viljestyrkje for å leggje boka frå seg. Litt minus for ein del eindimensjonale karakterar, men karakteren blir ein solid femmar frå meg.
(Eg har lese fleire bøker i serien etter denne, og dei er like bra!)
I loves it! Sære akademikere og teknikere, tidsreiser, historiske hendelser, katastrofer, uhell, vold og blod, britiske understatements og mengder med te. Og sprit. Dette er både spennende og morsomt uten at det ene går på bekostning av det andre. Ser fram til mange timer moro med denne serien!