Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Tilliks med den førre novellesamlinga til Orten, Sjabervik, så får ein her eit knippe forteljingar som stort sett er frå same stad, men med god spreiing i tid. Og denne gongen femner forfattaren enno vidare i tid, dei første korte stubbane er venteleg frå slutten av siste istida. Stykka ser ut for å vere ordna kronologisk, og for den nyare tida så er det enkelte personar som gjeng att i fleire stykke.

Der er også denne gangen ein viss variasjon i stil. Dei fleste stykka er i prosa, men her er mellom anna også dikt, ei preike, eit brev, ei vermelding og ein do-grafitti. På mange måtar blir dette derfor ei slags samling av forundringspakkar. Det er heller ikkje så opplagt, i alle fall ikkje for denne lesaren, kva forfattaren ynskjer å formidle med enkelte av tekstane.

Lokaliteten til forteljingane er eit øysamfunn på Sunnmøre. Skal eg våge meg med ein påstand om at forteljingane inneheld essensen av det som har forma mentaliteten til øybuarane gjennom århundra? Det er i alle fall freistande å tenke i den retninga. Enkelte av stykka er humoristiske, andre er burleske, og atter andre er berre underfundige. Og dei aller fleste er ganske bra.

Språket er som vanleg flott, retteleg behageleg å lese var det. Det kan sjølvsagt ha ein samanheng med at eg deler forfattaren sin dialekt, men eg trur nok at også ikkje-sunnmøringar vil kunne la seg begeistre over språket. Eller?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

LailaIngunn SHelena ETine SundalEli Hagelundritaolineingar hKarin BergLars Johann MiljeJarmo LarsenBjørg  FrøysaaEllen E. MartolPer Åge SerigstadSilje-Vera Wiik ValeCecilie69Amanda AKjersti SK. H.Heidi HoltanBrit HonningsvågHarald AndersenRuneEvaBookiacLesevimsaLisbeth Kingsrud KvistenPirelliNorahPiippokattaTurid KjendlieIna Elisabeth Bøgh VigreMonika SvarstadAnneTorill RevheimBeathe SolbergKirsten LundGrofornixHarald KAstrid Terese Bjorland Skjeggerud