Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Dramatikk i havgapet

Ungjenta Julie er hovudpersonen. Ho har gått på danselina ved Olav Duun vidaregåande i Namsos. Ballett er livet hennar, og ho ser føre seg ei framtid som dansar.
Om kort tid skal ho til London for å gjere opptaksprøve på ein ballettskule. Julie er svært glad i fiskarguten Runar, som på si side forgudar dansejenta si.
Tida for Julie si avreise nærmar seg, så ein dag reiser dei langt ut i havet, mot Sklinna. Dagen er fin, og saman går dei i land på øya. Dei er lukkelege, har planane klare for framtida.
Så rammar ulykka dei; Runar skadar seg stygt. Julie må skaffe hjelp frå fastlandet, noko som viser seg å verte vanskeleg.

Thorvald Sund skildrar dei to ungdomane med varme.
Det verkar som han kjenner godt til områda han skildrar.
Tidsperspektivet er ikkje langt, men han greier å få ein medrivande intensitet inn i forteljinga. Likevel – eg sat med ei kjensle av at det vart i meste laget med uhell som skulle råke dei to (men, så er eg heller ikkje i målgruppa, berre så det er sagt ).
Ei ungdomsbok, der kanskje spesielt jenter vil like boka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaCarine OlsrødVibekeKirsten LundAkima MontgomeryHarald KHanne Kvernmo RyerubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn S