Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Far og son, Kjartan Fløgstad og Aslak Nore, er i Brasil for å få med seg fotball-VM og å skrive bok om opplevinga. Dei kan sjølvsagt ikkje avgrense seg til å skrive berre om dei aktuelle kampane, her blir det historie, kontekst, anekdoter og ellers slikt ein kan vente å finne i ei fotballbok. For å dekke flest mogleg kampar så skil dei som regel lag og reiser til kvar sin kamp. Stort sett er annakvart kapittel ført i pennen av Fløgstad og Nore, kvar på sin målform, og det enkelte kapittelet tek utgangspunkt i ein kamp.

I tillegg til ulik målform har også far og son ganske ulike politiske ståtstadar. Dette er noko dei raljerer venskapleg om i boka, men det fargelegg også drøftingane som blir gjort om fotball i ein større samanheng.

Eg var sjølv i Brasil under dette fotball-VM’et. Rett nok såg eg berre ein kamp på stadion, men eg fekk med det meste på TV og ellers stemninga i landet medan det stod på. Det var moro å gjenoppleve arrangementet gjennom andre auge enn mine eigne, og det var interessant å lese kva tankar forfattarane hadde gjort seg om fotball og om livet for øvrig. Grei bok.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

mgePiippokattaWencheAnne-Stine Ruud HusevågDressmyshelfEllen E. MartolRisRosOgKlagingMarit HåverstadLisbeth Marie UvaagReidun Anette AugustinHarald KBeathe SolbergAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBjørn SturødTheaAnn ChristinPilarisKjerstiVigdis VoldCathrine PedersenTanteMamieSolveigTove Obrestad WøienAvaAnne Berit GrønbechMarianne  SkageGrete AastorpMartinMorten BolstadJan-Olav SelforsHeidiIngeborg GLeseaaseTonje SivertsenJakob SæthreGro-Anita RoenKirsten LundStig THanne Kvernmo RyeAndreas HesselbergTove