Viser 1 til 3 av 3 omtaler

Svært fornøyelig underholdning med bakgrunn i et alvorlig tema. Konseptet er artig, og jeg liker fokus på at man uansett hvor høyt på strå man sitter blir ikke lykken noe større. Det ender som det må, kanskje litt vel happy

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"En passe lang roman" er undertittelen på denne boka, og eg er heilt samd. Det er også ei passe uhøgtideleg men samstundes passe underfundig historie som blir fortalt, om eit vikarbyrå der konseptet er at travle toppleiarar kan hyre vikarar til å ta seg av privatlivet sitt, slik at dei sjølve kan fokusere på jobben. Forfattaren Pihl let hovudpersonen i boka, Frederik, fortelje historia med forholdsvis intelligent humor. Forteljinga er også krydra med detaljar som tyder på at Pihl er godt kjend på stadane som er omtala i boka.

Skulle ein setje fingeren på eit par ting, så er det at attersyna til barndomen til hovudpersonen blir noko lausrive i forhold til resten av handlinga, og at en del av dialogen i boka er litt for oppkonstruert eplekjekk etter min smak. Men det var ikkje på nokon måte irriterende nok til å øydelegge kosen ved å lese boka.

Eg har ein uvane med å faktasjekke detaljar eg undrar meg over, og når eg las denne boka kunne eg ikkje dy meg for å sjekk om nettstaden Love Calculator faktisk finnest, og det gjer den faktisk, nøyaktig slik som skildra i boka. Men anten har nettstaden endra algoritmen etter at Pihl skreiv manuset, eller så har han tatt seg den kunstneriske fridomen (og det er sjølvsagt heilt greit) med å tilpasse kjærleiksutreikningane med poenget i det aktuelle kapittelet. Den einaste av utreikningane eg fekk til å stemme var at Helene + Hermetikkboks har 86% sjanse for eit lukkeleg samliv.

Alt i alt var boka passe underhaldande heile vegen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

LilleviPiippokattaLabbelineTherese HolmHarald KKirsten LundIngunn SKjell F TislevollJørgen NHilde H HelsethcupcakeMads Leonard HolvikSigrid NygaardVegardTone HGrete AastorpLinda NyrudKjerstiHarald AndersenJohn GulfjelletKetilStig TTor Arne DahlLailaSigrid Blytt TøsdalAgathe MolvikReadninggirl30alpakkaRisRosOgKlagingTheaTorill RevheimEivind  VaksvikBjørg Marit TinholtNina M. Haugan FinnsonStine SevilhaugAnniken RøilRoger MartinsenTine VictoriaAnn EkerhovdNina