Viser 11 til 16 av 16 omtaler

Ut og stjæle hester er ei forteljing om det å bli voksen, og om det å bli gamal. Forteljarstilen er lavmælt, og vekslar i hovudsak mellom forteljaren sine opplevingar som 15-åring på sommerferie i ei lita bygd nær grensa til Sverige i 1948, og forteljaren sine refleksjonar over daglege gjeremål og livet generelt i ei anna bygd han har flytta til som pensjonist.

1948-delen av forteljinga minner meg på mange måter om Knut Faldbakken sin Insektsommer. Ein ung bygut på bygde-ferie, opplevinga av nærleik til naturen, gryande seksualitet, vaklande venskap med ein jevnaldrande gut, konkurranse med ein vaksen familiemedlem om ei dame, og dramatiske hendingar som skiplar om på livet til dei involverte. No er det mange år sidan eg las Insektsommer, men eg opplever Petterson sin forteljing som enno litt meir dyster og lagnadstung.

Forholdet til faren er sentralt i forteljinga. Gjennom heile forteljinga uttrykker hovudpersonen ei nærmast grenselaus beundring for, og eit sårt sakn etter faren. Dette er i skrikande kontrast til den plassen forteljaren sjølv gir til sine eigne barn i livet sitt. Hovudpersonen reflekterer over mangt og mykje undervegs i boka, men ikkje ein einaste gang held han sine eigne ynskje om nærleik til faren opp mot den nærleiken han sjølv som far gir eller ikkje gir til sine eigne barn. Denne kontrasten er så underfortalt i boka at det ikkje er opplagt for meg at Petterson har meint at det var eit sentralt poeng i historia. Men for meg vart dette eit av dei sterkaste inntrykka etter at boka var ferdiglest.

I andre bokomtaler og diskusjonstrådar har enkelte holdt fram slutten av boka som litt skuffende. Eg kan til ein viss grad vere samd, eg opplevde slutten som ei avsporing frå resten av boka. Men samstundes så markerer den ein overgang frå ein fase av livet til ein annan, og slik sett så passa den godt. Og det ligg trass alt ein del livsvisdom i den siste setninga i boka.

Eg har ikkje lest noko av Petterson før, men denne boka gav meirsmak. Jeg nekter stend ulest i bokhylla, og forventningane til denne steig nok eit par hakk etter å ha lest Ut og stjæle hester.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Leste den for annen gang. Enda bedre denne gangen. Et blogginnlegg om mine leseopplevelse finner du her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"Ut og stjæle hester" var mitt første møte med P Petterson og sjeldan (om nokon gong) har eg blitt så positivt overraska av ei bok... Eg forventa absolutt at boka skulle vera god, men SÅ god??? Nei, det venta eg ikkje. Boka er spennande, den er sterk, den er vakker, den er sår, den er levande... den har så masse.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

En bra bok, absolutt, men jeg ble faktisk litt skuffet av en eller annen grunn. Ikke en av Pettersons beste.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg forstår godt hvorfor denne boka fikk alle de prisene den har fått. Historien går kanskje litt tregt enkelte steder og det var for min del litt forvirrende når handlingen hoppet frem og tilbake, spesielt mot slutten. Men alle de nydelige omgivelsene, det spesielle språket som jeg vente meg så godt til etter hvert, og den rare følelsen av nostalgi gjør dette til en favorittbok for min del. Ble som alltid litt skuffet over slutten, men jeg blir sjeldent helt fornøyd med avslutningen av slike bøker. Muligens fordi jeg bare blir irritert over at historien er slutt, og akkurat nå vil jeg ikke at det skal komme i veien for den gode lesegleden jeg fikk.
Nostalgifølelsen kan forklares med at det meste foregikk på et øde sted så nære naturen. Om det er fordi jeg brukte mye av barndommen på hytta eller om det bare er menneskelig vet jeg ikke, men jeg kommer nok til å lese den igjen en dag. Jeg tror riktignok at en trenger litt tålmodighet og god tid for at en skal klare å nyte den fullt ut.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Kan ikke se annet enn at denne er en smule oppskrytt, men for all del...

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Ingunn SHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine LouiseAnne-Stine Ruud Husevågmay britt FagertveitHarald KLailaTanteMamiePia Lise SelnesKine Selbekk OttersenGodemineSigrid Blytt TøsdalTralteRisRosOgKlagingPer Åge SerigstadHilde H HelsethBjørg  FrøysaaLisbeth Marie UvaagHanne Kvernmo RyeKirsten LundJarmo LarsenMarianne  SkageTor Arne DahlDemeterAnn ChristinDolly DuckJan-Olav SelforsHeidi LMarit HåverstadSynnøve H HoelMarianne AugustaJohn LarsenArne SjønnesenAnne Berit GrønbechAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBenedikteBerit R