Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Humoristisk samfunnskritikk

I den vesle landsbyen Gosseli i Kina bur 197 funksjonshemma menneske, og så nokre få friske, då.
Dei blinde, einøygde, halte, døve, stumme og lamme har fredfylte dagar i utkanten av det meste, men dei samarbeider og er tilfredse med livet.
Så rammar naturtragedien dei, tørke og uår vert katastrofalt! Gode råd blir dyre.
Distriktsleiaren kjem då med ein vanvittig og god ide: Gosseli må kjøpe liket av Lenin frå Russland. Mange vil kome for å sjå, noko som igjen vil føre til nødvendige inntekter og mat. Og- for å få nok pengar til å finansiere kjøpet, må dei bruke det dei har; nemleg ein underhaldningstrupp som kan opptre mot ein liten sum.

Med sitt sjølvkomponerte, originale program legg dei halte, døve, stumme, blinde.... i veg. Og i starten er dette suksess! Tilskodarane strøymer til, og det same gjer pengane. På ganske kort tid vert Gosseli ein del av det kapitalistiske Kina, noko som igjen får store følgjer både for truppen og Gosseli!

Boka er original både i språk og innhald, og den har rikeleg med setningar og formuleringar som er overraskande og latterframkallande.
Eit verk som fortener mange lesarar!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Ann ChristinRufsetufsaGretheFlillianerIngeborgKristine LouiseGodemineAgnesTone SundlandVibekejunieBerit B LieAnne Berit GrønbechTor Arne Dahlingar hPiippokattaHilde Merete GjessingSolveigVanja SolemdalSynnøve H HoelStig TKirsten LundÅsmund ÅdnøyPär J ThorssonMorten JensenTore HalsaBenteJarmo LarsenFarfalleEli HagelundAndreaKaramasov11Harald AndersenMorten BolstadTove Obrestad WøienAnn-ElinToveGroLailaKjell P