Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Boka kom ut i 1942, og er lauseleg basert på den tyske invasjonen av Norge under 2. verdskrigen, og skildrar korleis ei framand makt tek over ein fiktiv by i eit fiktivt nordeuropeisk land. Sjølve hendingane i historia blir kjapt gjort greie for undervegs, mesteparten av teksta er dialog mellom personane i historia. Steinbeck skreiv boka med tanke på at den skulle bli teaterstykke, og det er lett å sjå for seg scenene i boka som scener i ei teateroppsetjing.

Okkupantane tek over byen nærmast utan motstand. Byen er stragegisk viktig på grunn av ei kolgruve, og okkupantane prøver å overtyde borgarmeisteren om at han bør få innbyggarane til å samarbeide slik at drifta av gruva kan gå som normalt, til beste for alle partar. Det okkupantane ikkje forstår, er at det ikkje er borgarmeistaren som bestemmer over innbyggarane, men at innbyggarane gjer som dei vil. Dermed blir det gradvis vanskelegare å få gruvedrifta til å gå, og okkupantane gjeng gradvis frå å vere sigerherrar til å nærmast bli beleira i byen dei har hærtatt.

Det er tydeleg at Steinbeck har lagt handlinga til ein geografi og eit miljø han ikkje har førstehands kjennskap til. Dei glitrande miljø- og naturskildringane som kjenneteikner mange av dei andre bøkene hans er nærmast fråverande i denne boka. Tonen i dialogen, spesielt innledningsvis, er i overkant naiv. Enkelte replikkvekslingar har nærmast form av komedie, som eg ikkje synest kler temaet i boka.

Motivet for å skrive boka skal ha vært å motivere for motstandskamp i det tysk-okkuperte Europa, og for dette formålet var nok boka ein innertier. I følge Wikipedia ska den ha blitt gitt ut illegalt i Frankrike, Danmark, Norge og Nederland, og skal også ha vært utgitt i Sverige, Italia og Russland under krigen. Satt inn i det historiske perspektivet er såleis boka særs interessant. Men ser ein på boka isolert sett, som ei forteljing på eigne bein, likte eg den berre middels godt.

Eg las denne boka under Lillevi sin felleslesing av Steinbeck haust/vinter 2013/2014, og har som vanleg hatt stor glede av diskusjonane om boka undervegs.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

TheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland SalteAlice NordliIngvild SMonica CarlsenChristoffer SmedaasRoger MartinsenTove Obrestad WøienBjørg Marit TinholtkntschjrldHanne Kvernmo RyeLene AndresenLeseaaseSissel ElisabethTurid KjendliemgeelmeKjerstiFindusGrete AastorpBerit RStine SevilhaugTherese HolmBeathe SolbergHarald KPrunellaLailaHelena E