Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Boka handlar om to landarbeidarar som reiser rundt på sesongarbeid på gardar i California under depresjonen på 1930-talet. Lennie er storvaksen og uhyre sterk, men også mentalt tilbakeståande. Vennen hans, George, passar på at Lennie ikkje kjem i trøbbel, men oftast skjer dette likevel, og då må dei finne seg arbeid ein annan stad. Forteljinga startar med at dei kjem til ein farm etter å ha måtta flykte frå ei Lennie-episode, og det blir ganske snart klart at det blir vanskeleg å unngå trøbbel på den nye staden også.

Mest av alt ynskjer George og Lennie å spare saman nok pengar til å kjøpe seg sin eigen jordlapp dei kan leve av. Denne gangen er dei nærmare enn nokon gong å oppnå målet. Spørsmålet er om dei klarer å styre klar av trøbbelet som lurer.

Tittelen til boka har Steinbeck henta frå diktet "To a Mouse, on Turning Her Up in Her Nest with the Plough", som blei skrive av skotten Roger Burns i 1785. Det sjuende verset i dette diktet oppsummerer på mange måtar temaet i boka:

But little Mouse, you are not alone,
In proving foresight may be vain:
The best laid schemes of mice and men
Go often awry,
And leave us nothing but grief and pain,
For promised joy!

Språket i boka (eg las den på engelsk) var for det meste enkelt. Likevel var der enkelte ord og uttrykk som var litt vriene å finne ut av. Då var denne sida til god hjelp.
Dette var bok nummer to i Lillevi sin felleslesing av Steinbeck haust/vinter 2013/2014. Det har vært givande å lese andre bokelskarar sine kommentarar og synspunkt undervegs.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

HanneEllen E. MartolKirsten LundHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryHarald KrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn Christin