Viser 1 til 3 av 3 omtaler

Dette er mi fjerde boka av Ahern, og eg er glad eg ga henne ei sjanse til. Eg elska PS I Love You, men så las eg to andre bøker av henne som ikkje falt i smak i det heile tatt. Men i desperat jakt på ei etterlengta feel good - bok, fann eg fram til denne etter ei rekke mislykka og avbrote andre "dameromanar". I denne boka fekk eg det eg ba om, verken meir eller mindre - kliss klass, kjærleik, nokre klisjéar, mykje humor - ofte litt klein... Mykje sjarme og endå meir varme. Eit litt forenkla univers og - forutan dei to hovudkarakterane - ganske grunne personligheiter. Men dette fungerer! Sjølve tematikken - sjølvmord - gjer at boka får ei meining og ikkje berre blir ei fjasete kjærleikshistorie. Det enkle og presise språket, dei vittige hendingane og dei livaktige dialogene gjer at boka får eit lett og lystig preg trass i det alvorlege temaet.

Dette er ei bok å lese når ein vil la seg underhalde, lese for å slappe av og berre koble av litt. Dette er ikkje boka for den som søker eit litterært meisterverk eller noko banebrytande nytt. Denne boka er nok ei såkalla chick-lit-bok, kjærleiksroman, dameroman, ei kosebok. Og til å falle inn under den etiketten, står denne høgt på lista over dei få bøkene som faktisk lukkast i å begeistre meg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne likte jeg! Lettlest men allikevel så rører den noe inni meg. Livet er fint, ikke glem det.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

En lettlest og lettbeint bok om livet og forelskelse. Grei reiselektyre når en skal ligge på stranda. Ble ikke veldig emosjonell av lesingen akkurat, men koste meg godt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Akima MontgomeryKirsten LundHarald KHanne Kvernmo RyerubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlPiippokattaTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig T