Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Sagakulturen i Norden er større enn mange er klar over. Og grunnen til dette er at desse ofte ikkje er tilgjengelege. Det vil seie dei er der, og dei kan lånast på biblioteket, men få veit om dei og at dei går å lese.

Difor er det viktig at Jon Fosse no gjer denne verdskjende (faktisk!) soga meir tilgjengeleg. Og utan å ha lese verken originalen eller tidlegare omsettingar, må eg seie han har gjort ein god jobb.

Språket er moderne samstundes som Fosse held i hevd språktradisjonen som sagaen opprinneleg er skriven i. Dette gjeld og for forteljarstilen, som jo for saga flest er, sett med moderne augene, lettare spesiell. Men i Fosse si språkdrakt vert det lettlest og lett forståeleg.

Når det kjem til sjølve historia bak det heile er den ganske fengande. Fridtjov får ikkje si Ingebjørg, av di dei slemme brørne hennar nektar dei å gifte seg. So litt slåsting, lyging og brenning av gardar, før Fridtjov får si Ingebjørg alikavel. Men ein slutt som er Hollywood verdig. God underhaldning altso.

Sett med moderne auge skulle ein kanskje ynskt seg litt meir detaljar, men slik er sagastilen. Ikkje alt vert fortalt - vinden ruskar aldri i håret og dei store elskovsscenene uteblir, men om lesaren saknar dette kan ein jo ta fantasien til hjelp.

Boka er rett og slett ei lita perle på mange plan - utsjåandemessig (stilrein og fin), språkmessig og historiemessig (både når det kjem til sjølve forteljinga og det historiske ein kan lese frå teksten).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågMarenHilde H HelsethBård StøreDemeterPiippokattaIreneleserLilleviHarald KAnitaKirsten LundNicolai Alexander StyveLesevimsaNinaEivind  VaksvikBritt ElinEgil StangelandAlice NordliPer Åge SerigstadsiljehusmorLene Nordahlingar hTone Maria JonassenSigrid Blytt TøsdalLars Johann MiljeAnita NessBeathe SolbergBerit RAnn ChristinSynnøve H HoelCamillaMarit AamdallittymseIngebjørgDaffy EnglundFiolIngeborg GElisabeth SveeHeidiEirin Eftevand