Viser 11 til 12 av 12 omtaler

Tredje bind er langt mer stillestående enn forgjengerne. Der første bok var eventyrlig og storslått, er denne langt mer intim og virker litt uforløst, selv om høydepunktene er mange.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tengo + Aomame = sant?

Så er den avslutta, denne merkelige romanen. Historia om Tengo og Aomame, deira frykt, lengsel og leiting får ein ende - ein ende som forventa.....
Boka er direkte framhald av det dramaet som utspelte seg i bok 1&2 ( for mitt vedkomande er det litt for lenge sidan eg las den - men kom likevel ganske raskt inn i historia).

Studenten og hobbyskribenten Tengo har vore med på å skrive boka "Luftpuppe", noko som viser seg å få fatale følgjer, både for han og for den religiøse sekta Sakigake. Aomame lever i skjul - og med fare for livet sitt - men, i ei anna verkelegheit, 1Q84, etter å ha vore i konflikt med den same sekta.....På kvar si side lengtar dei etter kvarandre - dei har mange felles referansar - og dei er nær kvarandre - og fjærne..på same tid.

I tillegg til Tengo og Aomame stiftar vi ma bekjentskap med Ushikawa, "privatdetektiv" engasjert av sekta Sakigake, som spelar ei ikkje ubetydelig rolle i romanen. Murakami driv handlinga fram gjennom desse tre - ved til dels kvardagslege, dvelande og stillestående sekvensar - og gjennom det meir dramatiske og thrillerprega. Ushikawa framstår som einsam, usympatisk og lite pen - likevel får ein kanskje litt sympati for han som skal vere med på å ramme dei to hovudpersonane?

Etter mi meining kan boka lesast på fleire plan - både som ein overnaturlig thriller - og som ei historie med eit meir psykologisk/ mentalt fokus....Synest også at avslutninga ikkje gav alle svar...

1Q84 er ei bok som både språkleg og innhaldsmessig er original, fantasifull og - kanskje litt i overkant merkelig? Sluttkarakter frå meg: 5 minus

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Egil StangelandAmanda AKirsten LundNabodamaPer LundMarit HøvdePiippokattaTerje MathisenBjørn SturødBård StøreIreneleserEivind  VaksvikKaramasov11JoakimMorten BolstadKjell F Tislevollingar hHeidi LBjørg L.Linda NyrudAnneWangJulie StensethLilleviAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterOdd HebækAnn-ElinHelena EAnniken RøilAvaChristofferBenedikteTralteMorten MüllerEvaMonica CarlsenmarvikkisMorten JensenDaffy EnglundTove