Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Dei første sidene ga meg håpet om at dette kunne vere ei morosam historie, originalt gjennom ei vaskehjelp sine betraktningar. Dessverre så fekk eg ikkje heilt tak på denne framstillinga av "vaskehjelp-verda", handlinga er vag, kven vaskehjelpa er får vi nesten ikkje vite, anna enn at ho er ei vaksen dame med ei og anna kjærleikshistorie bak seg, ho er einsleg med "deltids-kjærast" og har hjarteproblem. Det mest interessante om personen er at ho har gått på dikt-kurs hjå homsevenen sin. Meir får vi eigentleg ikkje vite, trass i at vi heile tida er inne i tankane og filosoferinga til dama, tankar som av og til er vittige, av og til usamanhengande og nokre gonger nesten draumaktige.
Må innrømme at eg nokre gonger måtte le av til dømes den svært treffande kritikken av sportskommentatorar, eller dei komiske tankane rundt historias første sports-arrangement, som utvikla seg på Jæren, i følgje vaskedama.
Skulle ønskje at skildringane ikkje var fullt så dikt-prega og "fjerne", for då kunne dette ha vore ei fin, interessant og vittig historie om korleis ei vaskehjelp ser på verda. I staden sat eg att med ei kjensle av å ha lest ei historie utan særleg poeng.
Boka er visst ei ungdomsbok, men det ville eg ikkje ha sagt. Lesaren må vere erfaren for å få noko ut av å lese den, etter mi meining.
Det var visst ei bok nr. 1 om denne vaskehjelpa, "La stå", og det er mogleg ein bør lese den for å fullt utbytte av bok 2?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Julie StensethMonica CarlsenHeidi LKristine LouiseLailaMonaBLBjørg L.KristineTine SundalGunillaReadninggirl30Emil ChristiansenGrete AastorpSverre HoemPiippokattaKari ElisabethEivind  VaksvikAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnne-Stine Ruud HusevågEgil StangelandHarald KRune U. FurbergPrunellaToveGodemineG LTone Maria JonassenAvaVibekeKirsten LundMorten MüllerPer LundBookiacSynnøve H HoelSolDolly DuckAkima MontgomeryLilleviHarald AndersenCecilie69