Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Lita jente, stort mot

I den tyske byen Ulm budde Sophie Scholl saman med familien sin, foreldra og fire søsken. I 1942, 21 år gammal, reiste ho til München for å studere. Alt som svært ung kvinne var Sophie Scholl uvanleg reflektert og oppteken av kva som var rett.

Broren Hans hadde ho svært god kontakt med, og saman med tre medstudentar og ein professor ved universitetet i München danna dei den kristne, ikkjevaldelege motstandsgruppa Den Hvite Rose. Med fare for sitt eige liv skreiv dei pamflettar som dei distribuerte rundt i fleire tyske byar.
I 1943 vart dei arresterte av Gestapo og avretta.

Forteljinga om desse unge, målmedvitne ungdommane gjer inntrykk! Dei arbeidde for noko dei trudde på, trass i farane ved det. I eit samfunn der ein ikkje kunne stole på nokon, der vald, svik og utrygge vilkår var ein del av kvardagen stod dei på for å skape motstand mot terror-regimet. Historia er basert på deira dagbøker.

Forfattarane har gjort ein imponerande innsats for å:
-Få fram personlege trekk og korrekte hendingar hos hovudpersonane og personar rundt dei
-Forklare filosofiske tankar og idéar som vaks utanfor dei nazistiske miljøa
-Vise krigshendingar og konsekvensane dei fekk
-Dokumentere det dei skriv om

Boka er spennande, velskriven - den både opplyser og engasjerer! Svært få har denne i samlinga si - den hadde fortent fleire!
Vart filmatisert 2005

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

tuhamreMads Leonard HolvikHilde Merete GjessingKirsten LundHarald KLailaReadninggirl30TanteMamieReidun Anette AugustinChristoffer SmedaasBirkaTor-Arne JensenLeseberta_23Aud- HelenTorill RevheimBenedikteHanne Kvernmo RyeChristin SillibakkenTrude JensenLars Johann MiljePiippokattaFride LindsethLisbeth Marie UvaagStig TFindusIngeborg GAkima MontgomeryRoger MartinsenMarteAmanda ABerit B LieKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteBerit RTine Sundal