Viser 1 til 1 av 1 omtaler

I høve Hovland sine seksti år, tok Tokvam og Folgerø med seg forfattaren til Berlin, og utførte eit tredagars intervju på kafeen zur Rose i gamle Aust-belrin, over varm sjokolade og baileys, medan Hovland alltid var den som bestilte nytt til dei. Slik fekk Tokvam og Folgerø eit nytt innblikk i ting dei ikkje visste om sin gamle helt – og det får lesarane òg.

I mange år arrangerte vi Hovland-seminaret, parallelt med Vossajazz.
Vi var dei to einaste deltakarane, der vi sat nede ved Vangsvatnet med
pappvin og Hovland-tekstar.

No inviterer dei fleire med på Hovland-seminar, og sjølv om eg mangla pappvin fekk eg både ny kunnskap og nokre nye hovland-tekstar i denne boka. Og bilete eg aldri før har sett av Hovland som bjørnen Alfred, med Jon Fosse som hunden Samuel. Det seier seg sjølv at dette er ei bok som gir lesaren det meste.

Vel bør ein kanskje kjenna til iallfall Hovland før ein les ei tredagars intervju med han. Helst bør ein kanskje kjenna til Tokvam og Folgerø òg for å ta alle (dei fleste?) referansane og den personlege humoren. for dette er ikkje berre eit møte med Hovland. Det er til dels òg eit møte med lesarane til Hovland, og mellom dei eit par av hans største fans, og deira veg til å finna ut sanninga om forfattaren.

Skal ein oppsummera Ler dei no, så har eg vunne må det vera at den er mangslungen. Den er både humoristisk og lettlest, men tek med dei tyngre sidene av livet til Hovland. Den er springande og leikande, men likevel strukturert – mellom anna vert bøkene til Hovland lista i kronologisk rekkefylgje med forfattaren sine eigne kommentarar. Og ho har gitt meg enno meir lyst til å fortsetja mitt Hovland-prosjekt, sjølv om eg skjønte to ting gjennom denne lesinga: med 40 utgjevne bøker bør eg kanskje få opp farten skal eg rekka alle før det har gått for mange år – og eg er glad Hovland ikkje strauk med på 90-talet, for då hadde me gått glipp av eit par favorittar som 1964 og Stille natt.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågHarald KEgil StangelandLailaMads Leonard HolvikPiippokattaBjørg RistvedtSynnøve H HoelAneSiw ThorbjørnsenIngeborg GKirsten LundHeidi Nicoline ErtnæsHildaJulie StensethTor Arne DahlPer Åge SerigstadAmanda AGrete AastorpBente NogvaBenedikteLisbeth Marie UvaagTone HTurid KjendlieLeseberta_23DemeterStine AskeMaikenHilde VrangsagenHege H.Christoffer SmedaasHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenLinda RastennefertitiEllen E. MartolRoger MartinsenTor-Arne JensenMargrethe  HaugenTove Alma