Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Femordsomtale: Småvittig raljering og pinleg strupleprat

Alt for lang omtale:
Boka handlar om omsetjaren Bodvin Rovde som skal omsetje eit filmmanus frå engelsk til norsk. Men før ein kjem så langt får ein ei utgreiing av det meste av livslaupet til Bodvin, noko som tek om lag 2/3 av boka. Sjølve omsetjinga blir etter kvart ei vanskeleg oppgåve for Bodvin, noko som gjer at forfattaren til boka, Walton, saman med forfattaren til filmmanuset, Simon Anderson, lyt ta ein alvorsprat med han.

Det er mykje herleg raljering i boka, over alt frå kommunsimen sine kår i bygde-Norge, universitets- og høgskulemiljø, rasisme, Framstegspartiet, forlagsbransjen, og ikkje minst seksualitet. Walton er ein god observatør. Kanskje er det nettop det at han er engelskmann som gjer han i stand til å så sylskarpt karikere enkelte norske, eller endåtil sunnmørske, særtrekk?

Når eg likevel endar opp med å like boka berre måteleg godt er det i hovudsak to grunnar til det. For det første er det ein nærmast hemningslaus omgang med tabuord i teksta. Eg visste ikkje at eg var så prippen, men eg tykte faktisk at mykje av dette struplepratet vart direkte pinleg. Som forfattaren skriv på side 115:

Gudskjelov at det framleis var ytringsfridom i Noreg. Han kjende i sin forvirra tilstand at dette var nye tankar, men han kjende seg underleg ør og frigjord av å tenke dei, som ein unge som seier «fitte» høgt for første gong og oppdagar at ingen reagerer.

Dersom det er ein slik samanheng, vil eg tru at Walton kjende seg mektig frigjord innan han var ferdig med boka. Men eg vonar at han som professor i nynorsk skriftkultur formidlar også andre sider av denne kulturen enn det denne boka legg opp til.

Og der er vi ved det andre ankepunktet; sjølve språket. Walton skriv eit slags konservativt nynorsk, med ei salig blanding av gamalmodige uttrykk (økslefør, sovorne, etc) og nyskapingar som overhedden og sørvis. Når dette då leier til samanstillingar som «suggerere hugheil lengting etter samleie» så blir det berre merkelig. Det spørs om det er ein dose humoristisk sjølvinnsikt frå forfattaren som gjer at han let Bodvin føye til følgende fotnotar til manuskriptet han omset:

7 – Som omsetjar lyt eg gjera merksam på at eg stundom har lurt på om forfattaren her ikkje lid av Creutzfeldt-Jacob ev. ein annan degenerativ sjukdom, ettersom samanhengen og flyten i teksten godt kunne ha vore betre.

9 - … Eg lyt samstundes minna lesaren om at det kan verka noko søkt at engelskmannen Anderson her talar norsk, jamvel nynorsk, som han i røynda notorisk ikkje meistrar, trass i årelang butid i ei av dei gjævaste bygdene våre, …

Men for all del, boka hadde sine høgdepunkt. Aller best likte eg kanskje korleis Bodvin greidde å overtyde lokallaget i FrP om at møtereferata skulle skrivast på nynorsk sidan det andre skriftspråket er innvandra. Kosteleg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg L.Tove Obrestad WøiengretemorCarine OlsrødAud- HelenPiippokattaGrete AastorpAnne-Stine Ruud HusevågKristine LouiseBerit B LieOlemgeWencheDressmyshelfEllen E. MartolRisRosOgKlagingMarit HåverstadLisbeth Marie UvaagReidun Anette AugustinHarald KBeathe SolbergAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBjørn SturødTheaAnn ChristinPilarisKjerstiVigdis VoldCathrine PedersenTanteMamieSolveigAvaAnne Berit GrønbechMarianne  SkageMartinMorten BolstadJan-Olav SelforsHeidiIngeborg GLeseaaseTonje Sivertsen