Den første, og kanskje mest typiske, Bernhard Borge-historia, eller snarare: Kai Bugge-historia.
Herleg skildring av velståande ungdom i mellomkrigstida, ingen spøkelse og mengder av psykoanalyse. Som Bjerke kanskje ville sagt, skrive med var kjensle for «virkemidlenes økonomi». Strukturen følgjer den typiske Christie-romanen, men løysinga utfordrar kanskje denne litt? Eller: gjorde det på 1940-talet. Eit slags debattinnlegg, eller programskrift, mot den tekniske krim-litteraturen. Følgjer mønsteret i britisk krim, men prøver å svara på kvifor eit motiv kan leia til eit drap.
Som dette: bra. Men det seier også litt at dei tre neste Borge-bøkene på kvart sitt vis utfordrar denne boka.