Viser 1 til 2 av 2 omtaler

En engasjerende bok om moderne italiensk historie sett gjennom Romas linse. Ekern gir oss et innblikk i blant annet Gucci og gud, gåten Andreotti, masseturisme, Mussolini-kulten og nyfascistenes fremmarsj i den evige stad. Fokuset ligger på perioden etter krigen, men arven fra antikken og italias samling på 1800-tallet ligger der som et bakteppe som stikker fram innimellom. Ekern har intervjuet flere personene som befant/befinner seg i sentrum for begivenhetene i Roma og gir dermed boken en tilleggsdimensjon. Ypperlig lesestoff for den som skal til, er i eller har vært i denne fabelaktige byen, men selvsagt også for den historieinteresserte leser.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Simen Ekerns Roma. Nye fascister, røde terrorister og drømmen om det søte liv er ei god bok, stort sett. Forfattaren skriv relativt fritt og sjølvstendig; starten er livleg og lovar godt: Brått står lesaren overfor ei skildring av romerske innmatsspesialitetar. Så følgjer den romerske etterkrigshistoria med mord og lysskye handlingar i nærlys, spennande som ein kriminalroman, i alle fall ein god ein, og dei er det få av.

Språkleg er det likevel litt å utsetje på boka: Forfattaren bruker verbet knuse intransitivt og transitivt nesten på same side (s. 27), men det er nå ennå berre transitivt, da – heldigvis, seier min generasjon av filologar med hovudfag i nordisk språk og litteratur. Her tåler vi inga språkhistorisk utvikling. Av og til følgjer han kommareglar som høyrer engelsk og romanske språk til, noko som eg trur kan ha samanheng med at han ofte bruker andrehandskjelder som han omset. Jo, det er mange eksempel på dette (dessutan: i norsk arbeidarrørsle seier vi heller proletarisk enn proletær).

Men Ekern – han skal vere journalist i ei avis som eg ikkje les lenger – tek sin monn igjen når det gjeld munnlege fyrstehandskjelder: Han har intervjua eit svært så representativt utval av folk som i sum utgjer Roma dei siste tiåra, m.a. Giulio Andreotti. Slett ikkje verst! Andre samtalepartnarar representerer både «raude» brigadar og nyfascistar – og ein kommmunistisk frisør som blir overtydd om at den førre paven utretta mirakel. Og mange fleire. Dette – alle intervjua, altså, ikkje berre mirakelet – er utvilsamt styrken ved boka. Men: «Santo Subito!», som folk ropte da dei kravde at Johannes Paul II – eg har stått tett ved han ein gong han vart boren opp midtskipet i Peterskyrkja – skulle erklærast som helgen straks etter at han var daud – tyder ikkje, nei på ingen måte, «helgen med en gang», som Ekern skriv, men «helgen med én gang», og det er to forskjellige ting. Heller ikkje kan ein bruke fleirtalspronomenet de om Vatikanet, som jo er eintall.

Tilfellet ville forresten at eg nettopp hadde lagt frå meg Pier Paolo Pasolinis Poesie, som eg hadde kjøpt og dukka ned i på jernbanestasjonen i Napoli, og der eg hadde vorte gripen av dei strofane som begynner med «Povere come un gatto al Colloseo», tok fram Ekerns bok – og fann att nettopp desse linjene i Ekerns eiga gjendikting (s. 59). Ikkje så rart, kanskje, for Ekern gjer heilt rett i å trekkje fram Pasolini som eit typisk uttrykk for sider ved Roma i etterkrigstida. Og eg liker godt at forfattaren deler mi eiga oppfatning av bakgrunnen for mordet på Aldo Moro: Moro, den kloke kristelegdemokratiske leiaren, hadde skjønt ar det ikkje var nokon veg utanom eit historisk kompromiss med Partito Comunista Italiano for å få landet ut av krisa. Og derfor måtte han ryddast av vegen. For eit land!

Interessant er at Ekern, utan drøfting, bruker omgrepet borgerkrig om situasjonen under andre verdskrigen (s. 214), mens Göran Hägg, derimot, i Mussolini – en studie i makt – trekkjer fram at borgarkrig er ei ny nemning i Roma: «For en utenforstående er det nesten like merkelig som at man skulle ha begynt å sette merkelappen borgerkrig på den norske motstandskampen mot tyskerne og Quisling» (s. 363). Eg merker meg desutan at Ekern trekkjer fram dei italienske nyfascistane si interesse for Irland – og irsk nasjonalisme og irsk kyrkjehistorie (s. 221). Det same har eg lagt merke til hos folk som deler synspunkt til denne rørsla.

Alt i alt er dette svært nyttig og innsiktsfull lesing for alle som er intereserte i Italia, og særleg Roma. Eg sit likevel att med ei innvending: Alt er fint lagt opp, framstillinga er logisk, det er ikkje dét, men det manglar ein syntese, ei overordna tolking; det manglar ord på det som er etterkrigsbyen Roma. Jo, eg ser dei gode tilløpa på slutten, men dei er ikkje nok, tenkjer eg - litt for overflatisk blir det, faktisk - der eg avsluttar boka over eit glas vin på Piazza della Rotonda. Ved nabobordet sit ein av forfattarane til ei anna bok om den evige byen, Tre muntre herrer i Roma. Han drikk raudt; eg har kvitt i glaset. Vi har ein felles kjenning, og vi har møttest før, så vi kan prate. «Du tolkar denne byen på ein heilt annan måte,» seier eg – «grundigare, djupare». Han gløttar opp. «Takk,» seier han og bukkar. Jo, eg kan stå for den vurderinga der.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

alpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaKirsten LundJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MHarald KLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob Sæthre