Eg har vore i Roma. Kvar ettermiddag, bortsett frå den dagen vi var i Napoli, sat eg på Tempio Bar ved Pantheon og las i Egil Kraggeruds Med dikterne i Augustus’ Roma. Ja, og så drakk eg litt vin til. Snakk om luksus! Dette er ei bok der forfattaren viser korleis ei rekkje av diktarane som var aktive under keisar Augustus behandlar byen over alle byar, caput mundi: Roma. Perioden er frå 44 f.Kr. til 14 e.Kr., og i 21 – unnskyld: XXI – kapittel møter vi Vergil, Horats og Ovid, men òg Catull, Livius, Lucrets, Sveton og Properts, og enda nokre til. Mest Vergil, sjølvsagt, men kapitteltitlar som «Horats på Sacra via» (eg hadde Horats’ satire I.9 som pensum til førebuande prøve i latin i 1973; eg passa på å ta denne eksamenen før han vart avskaffa), «Ara Pacis: ‘Italia' og Vergils Georgica» (alltid når eg er i Roma, bur vi nokre få hundre meter frå Ara pacis) og «Med Ovid på Forum Romanum» viser spennvidda i utvalet.

Kraggerud er grundig, og han hjelper lesaren til å oppleve antikkens Roma i eit litterært og religionsvitskapleg perspektiv. Dessverre er stilen hans ofte abrupt, men elles gir boka mange store opplevingar og horisontutvidingar. Når eg sit der på Piazza Rotonda og les Kraggeruds framstilling av Roma-motiv hos dei romerske diktarane, blir skiljet mellom fortid og nåtid oppheva, og eg blir del av det stoffet som eg les om ...

Eg står forresten oppført i «Tabula Gratulatoria» i boka (gratulatoria skal vere med liten g), for eg ville vere med på å gratulere forfattaren med syttiårsdagen, heldig som eg er som for nokre år sidan reise i det nordaustlege Hellas med den reale, hyggelege og kunnskapsrike Kraggerud i reisefølgjet. Seinare fekk eg ei handskriven helsing i boka. No kunne eg endeleg ta henne fram.

Sol over piazzaen, utsikt til Pantheon, vin i glaset og romersk litteratur på bordet: Lykke!

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Herlig å lese innlegget ditt. Det var kanskje det eneste jeg manglet på min Roma-tur tidligere i år: boka til Kraggerud. Vil tro det var helt spesielt å lese i den der. Jeg står selv i ''Tabula gratulatoria'', men jeg har dess verre ikke hatt gleden av å treffe mannen personlig.Må jo si jeg også ble litt nysgjerrig på hvilken av de tre muntre herrene du møtte. Uansett, flott at du har hatt en fin tur.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk. Eg møtte forfattaren av m.a. Drømmen om Roma og Roma - fine bøker å ha med nedover (ja, bagasjen blir tung på den måten ...).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Mads Leonard HolvikIngebjørgGroStig TChristoffer SmedaassiljehusmorCarine OlsrødBrit HonningsvågAlice NordliHarald KHanneTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågEllen E. MartolStian AxdalBjørg RistvedtHeidiElin FjellheimEirin EftevandChat_noirGodemineRufsetufsaMorten MüllerHanne Kvernmo RyeHallgrim BarlaupHilde Merete GjessingPiippokattaBente NogvaDaffy EnglundMargrethe  HaugenIngunn SVannflaskeLisbeth Marie UvaagMaikenStian B. HopeMarianne AugustaRandiACathrine BoreMorten JensenLeseaase