Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Femordsomtale: Foruretta forsvarstale med magisk realisme

Omstendeleg omtale:
Boka er eit tilsvar frå Shah Mohammad Rais, «Bokhandleren i Kabul», til enkelte påstandar i Åsne Seierstad sin bok med denne tittelen. Seierstad sin bok har, sjølv om den er interessant lesing, vakt ein del debatt omkring det etiske ved å utlevere privatlivet til familien Rais. Bokhandlaren sjølv og familien hans har opplevd boka som ærekrenkande, og meiner endåtil at den kan ha satt livet til enkelte familiemedlem i fare.

Forteljarteknisk har Rais gjort eit strålande grep, ved at han ved ein slags magisk realisme får vitjing av to norske troll medan han er på forretningsreise i Karachi. Dei to trolla, som ein må tru er ein metafor for folkeopinionen i Norge, har fått i oppdrag av Trollkongen å få Rais sin versjon av påstandar og hendingar som han meiner er feilaktig framstilt i Seierstad sin bok.

Bortsett frå forteljargrepet med trolla, var den beste delen i boka der Rais raljerer over at Seierstad hevder å ha anonymisert bokhandlaren i boka si. Men for det meste vart boka for mykje einsidig forsvarstale. Det skal godt gjerast å skrive ei god og sakleg tekst når ein er foruretta og harm, og Rais greier det berre unntaksvis. Og på spørsmål frå trolla om enkelte tema som blei tatt opp i boka, t.d. om forholdet til den første kona si, veslesøstera «Leila» sin posisjon i familien, og om pengetransaksjonar ved giftemål som for ein utlending fortoner seg som kjøp av brud, så gir Rais seg ut på ei serie med retoriske spørsmål i staden for å svare direkte på spørsmåla.

Direkte pinleg blir det når han hevder at Seierstad insinuerer at det er menneske som Reis som er skuld i alt elendet i Afghanistan. For ikkje å snakke om denne påstanden på side 66:

«Kvinner i Afghanistan er ikke mer undertrykte enn menn.»

Her tillet eg meg å la fordomane mine sleppe til og påstå at Rais er rimeleg langt ute i bærskogen.

Det er nesten ein føresetnad å ha lest Seierstad sin bok for å få utbytte av denne boka. Men sjølv for den som berre les Rais sin bok vil det vere mogleg å få grei innsikt i kontroversane som leia til rettsak i Norge. Ei rettsak som Rais vann i første omgang, og der Seierstad vann ankesaka, og der den vidare anken til høgsterett vart avvist. Eg skal ikkje ta på meg å uttale meg om korvidt utfallet vart rett, men eg meiner Rais hadde grunn til å vere foruretta. Men det blei altså likevel berre ei middels bra bok ut av det.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

MarteAmanda ABerit B LieKirsten LundStig TMads Leonard HolvikHarald KKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SLailaVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie Uvaag